Hovudfagsstudentar misser 50.000 kr.
(19.2.03, 15:23) Den økonomiske gulrota som har lokka mang ein utsliten hovudfagstudent fram til endeleg eksamen, er snappa vekk. 50.000 kroner pro pers er saldert bort frå statsbudsjettet. Det er norske studentaviser, "StudVest" i Bergen og vår heimlege Under Dusken, som fortel den triste historia.
Med statsbudsjettet for 2003 vart ordninga med avskriving av delar av studielånet ved fullført hovudfag tatt vekk. Regjeringa og Framstegspartiet fekk gjennom vedtaket.
Tidlegare kunne ein skrive av opptil 54.000 kroner. Alle som startar på mastergrad på eller etter fyrste august 2003, kan sjå langt etter desse pengane.
Nytt gradssystem årsaka
Endringa vert grunngjeve med at studieløpet i det nye gradssystemet blir korta ned frå seks til fem år, og at det totale lånebeløpet i alle høve vil verte mindre.
Høgres Jan Olav Olsen i Utdannings- og forskningskomiteen meiner at regjeringa satsar på utdanning. Ifølge han må avviklinga av avskrivingsordninga bli sett i samanheng med innføringa av det nye gradsystemet med bachelor og mastergrad.
- Ufint
Rolf Reikvam (SV), leiar i Kyrkje-, utdannings- og forskningskomiteen på Stortinget, varslar omkamp før revidert nasjonalbudsjett. Til Studvest karakteriserer han utspelet som ufint og provoserande.
- Regjeringa og Frp tar tilbake den forbetringa som fleirtalet vedtok ved den auka stipendandelen. SV vil ha både betra studiefinansiering og behalda avskrivingregelen, uttalar han.
Også Vidar Bjørnstad (Ap) i komiteen meiner at ein no undergrev forbetringar det var lagt opp til. Under Dusken skriv om saka StudVest skriv om saka
|