Magedans for fellesskap
(4.3.03, 13:15) Universitetsbiblioteket vil sveise saman dei tilsette. Til det er både magedans og strupesong fine greier. Universitetsbiblioteket i Trondheim (UBiT) har 160 tilsette fordelt på 11 einingar. Då er det ikkje alltid like lett å bli kjent med kvarandre.
|
Etter eit foredrag om Egypt passa det bra med ei magedansframføring av Viennoula Røe.
Foto: Tove Aursøy |
Det ville UBiT gjere noko med, og i fjor vår drog dei i gang kulturbyggingsprosjektet sitt. To-tre gonger i semesteret let 70-80 av dei tilsette bøker vere bøker, og samlar seg på Kalvskinnet til fagleg og sosialt påfyll. Midt i arbeidstida.
Sakleg – og eksotisk
Sist var det fem av dei som hadde vore på studietur til Egypt. Dei stilte opp med forelesing og lysbilete. I pausen var det arabisk og egyptisk mat, og dessutan magedans! Elles har det vore stoff frå turar til Singapore, Australia, Japan, USA og Saudi-Arabia.
Det handlar ikkje berre om reiseverksemd, men også om deling av jobb- og utdanningserfaring.
– Sosialt samvere og kompetanseutvikling er det viktigaste med dette tiltaket. Det seier to av eldsjelene bak kulturbygginga, seksjonssjef Janne Gjengaar og konsulent Eli Solberg i personal- og økonomiseksjonen. –Vi går eigentleg gjennom alt frå vanlege biblioteksaker til eksotiske ting, kan dei to damene fortelje.
– Neste gong, i april, står forresten mongolsk strupesong på programmet!
Uformelt på tvers
Gjengaar og Solberg er opptekne av uformelle arenaer og treffpunkt på tvers av einingane.
–Vi føler at det styrker allmennkunnskapen, og det er veldig kjekt å treffe og bli kjent med kollegar. Vi får fagleg påfyll, skaper felles oppleving og forståing, og dermed auka trivsel. Dei som har vore ute og reist i jobbsamanheng, blir spurde om å fortelje om det dei har opplevd, og elles kan dei som vil prate. Vi er opne for tema.
Dei trur og det er nyttig med praktisk trening i presentasjonsteknikk: - Det gir folk tru på at dei har noko å bidra med. Det er ein god treningsarena, og du får marknadsført andre kunnskapar enn dei du får fram gjennom jobben.
Gleda ved å jobbe
Solberg og Gjengaar vil råde andre til å starte opp liknande arrangement.
– NTNU går stadig gjennom omorganiseringar, og kanskje kan dei dra nytte av våre erfaringar med kulturbygging. Det skaper stoltheit over ein arbeidsplass som bryr seg og vektlegg anna enn berre ”vanleg” arbeid. Å sameine kulturar som blir slått saman, er veldig viktig!
– Det er ikkje så tidkrevjande heller. Tema har eigentleg stått i kø, det skjer noko heile tida. Noko svært viktig vi har fått ut av det, er gleda ved å gå på jobb!
Av Lisa Farstad |