Avslører militær kamuflasje
(5.3.03, 14:17) Spesialkamera "ser" både ørsmå rustgroper, kamuflerte tanks og soldatar som prøver å gå i eitt med terrenget. |
Slik ser det delvis kamuflert kjøretyet ut, fotografert med vanleg kamera og med spesialkamera. |
Eit kamera i eit fly som saumfarar ei stripe over landjorda etter gjøymde stridsvognar, kanonar – eller einskilde soldatar i kamuflasjeklede: Kameraet tek bilete i 500 ulike fargar, frå fiolett og langt ut i det infraraude. Synlege som usynlege fargar vert registrert.
Norsk Elektro Optikk samarbeider med Forsvarets Forskingsinstitutt FFI for å avsløre kamuflerte objekt på landjorda.
Feltforsøk
Norsk Elektro Optikk har allereie kjørt forsøk i felten saman med FFI. Med spesialkameraet ser ein mønstre som ikkje er synleg for auget. Ved sidan av å avsløre skjulte objekt kan dette nyttast til å lære seg betre kamuflasjeteknikkar.
|
Peter Kaspersen i Norsk Elektro Optikk arbeider med nye teknikkar for å oppdage kamuflasje.
|
Det fortel Peter Kaspersen i Norsk Elektro Optikk. Kaspersen orienterte om denne forskinga under seminaret "30 years of Fibre Optic Research" som vart arrangert på Lerchendal Gård tysdag.
- Vi er ikkje åleine om å arbeide med slike metodar, legg Kaspersen til. - Vi må nok rekne med at amerikanarane har utvikla slike teknikkar til bruk i krig.
Oljesøl
Teknikken kan også nyttast til å oppdage oljesøl i havet. Men ikkje bare det: Ein kan bli i stand til å finne ut kor olja stammar frå. Kvar olje har sin unike samansetnad, med sitt spesifikke fargespektrum. Det vert som eit optisk fingeravtrykk.
|
Våren 1973 var den første diplom i fiberoptikk utført ved Institutt for fysikalsk elektronikk, NTH. Faglærar var professor Kjell Bløtekjær. Han fyller sytti år i år, og seminaret vart halde som markering av dette jubileet.
|
Eit anna bruksområde til denne optiske inspeksjonsteknikken er inspeksjon på innsida av gassrør til havs. Ein putter eit spesialkamera inn i røyret (åtte kameraer for å dekke heile omkretsen) og let det gå med gasstrøymen. Kameraet har ein fart på 3-4 meter i sekundet, og tek rundt 5 000 bilete per sekund. Slik får ein samanhengande bilete av heile røyret med 1 millimeters oppløysing.
Sentralt står påvising av rustskader.
- Vi kan oppdage korrosjonsgroper på 1-2 millimeter – og seie kor i røyret gropene ligg, seier Kaspersen.
Målar gass
NEO arbeider også med spektroskopiske teknikkar for måling av gasser. Ein målar konsentrasjonen av spesifikke gassar, til dømes oksygennivået i ein gass, eller miljøskadelege gassar i røyken frå forbrenningsanlegg. Teknikken kallast diodelaserspektroskopi, og en kan måle konsentrasjonar av spesielle gassar ned til nokre få ppb (part per billion) om det trengst.
Tekst og foto: Tore Oksholen |