MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Student-støtte til lengre studiedag (6.3.03, 11:30)

45-timars arbeidsveke blir resultatet dersom Styret ved NTNU følgjer innstillinga frå eit utval som har vurdert dette. Studenttillitsvald ved HF-fakultetet støttar forslaget.

Utvalet for kvalitetssikringssystem (UKS) legg nå fram eit forslag som vil føre til ein langt hardare arbeidsdag for studentane. Ein foreslår at studieåret vert utvida frå dagens 26-30 veker til 40 veker. Samstundes foreslår utvalet å innføre ein normert arbeidsbelastning. Målet er å få slutt på at nokre studiepoeng er lettare å ta enn andre.

Innført 2004
Utvalet vil at eit studieår skal vere normert til 1 800 arbeidstimar. Delt på 40 veker vert det 45 timar i veka, eller ni timar per arbeidsdag.

- Målet er å innføre dette seinast frå hausten 2004, seier leiar for utvalet, professor Per Morten Schiefloe, til Universitetsavisa.

Dette føreset at Styret ved NTNU går for framlegget til UKS, noko Schiefloe trur vil skje.

For mange stryk
Målet er at den gjennomsnittlege NTNU-studenten skal arbeide like mykje som ein gjer i arbeidslivet - og like mykje som dei gjer ved dei beste universiteta i utlandet.

- Er dette ei erkjenning av at for mange studentar arbeider for lite og stryk for ofte til eksamen i dag?

- Ja, vi som les eksamenssvar, veit at strykprosenten er altfor høg, og at den gjennomsnittlege kvaliteten er for dårleg. Det ligg for lite arbeid bak dei, seier leiaren for utvalet.

- Det må bli slutt på at arbeidsinnsatsen til studentar går ned frå vidaregåande og til universitetet.

Dragvollfaga mest utsett
Eit notat frå utvalet viser til at normert arbeidsbelastning på sivilingeniørstudiet i dag er på 48 timar.

- Er det dei typiske Dragvollstudia – ved SVT og HF – som vil få den hardaste overgangen dersom forslaget vert gjennomført?

- Lågare-grads studiar ved dei to fakulteta vil venteleg merke dette sterkt. Studentar på hovudsfags/mastergradsnivå arbeider godt og hardt som det er i dag, seier Per Morten Schiefloe.

Prislapp
Marit Gunnerød er studentrepresentant ved fakultetstyret på HF. Ho er ambivalent til forslaget, men gir det si prinsipielle støtte.

Men det vil koste: Studentane må betale med ein god del meir arbeid; NTNU må legge tilhøva betre til rette; og Lånekassa må bla opp dersom heiltidsstudenten skal bli ein realitet, meiner Gunnerød.

- Det er ingen tvil om at dette vil vere eit ganske tøft steg oppover i arbeidsinnsats for mange av oss. Eg ser korleis dette vil påverke studiesituasjonen, til dømes når det gjeld i tilhøve til andre verv ein har. Eg for min del ville ikkje makta ein slik arbeidsinnsats, med det studentpolitiske engasjementet eg har hatt.

Studentrepresentanten minner om at ein ikkje bare kan forlange meir arbeid av studentane, utan å yte noko andre vegen.

- Det vil krevje eit heilt anna opplegg ikring oss. Ein kan ikkje bare dumpe meir arbeid på oss. Universitetet må samstundes legge tilhøva mykje betre til rette. I dag er dei ikkje gode nok til at vi lærer det vi skal.

- Er det rett å gå den vegen utvalet peikar ut?

- Ja, det meiner eg. Spesielt i tilhøve til overgangen til Bachelor, der ein ”stal” eitt år frå studenten, er det viktig med meir kvalitet og kvantitet i studiet. Det har vel ligge som ein føresetnad at det ikkje skulle bli eitt år mindre utdanning med innføringa av Bachelorgraden, seier Gunnerød.

- Det er også viktig at Lånekassa legg tilhøva til rette, dersom vi skal bli reelle heiltidsstudentar. Så det er mange ting som spelar inn for at dette skal kunne realiserast.

Arbeidet med Kvalitetsreformen ved NTNU vert leia av eit eige prosjektstyre. Leiar for utvalet er prorektor Julie Feilberg. Framlegget frå UKS vil bli handsama i prosjektstyrets møte den 13. mars.

Av Tore Oksholen