MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

SÆRLOVSELSKAP:
UiO: Tilsette seier nei, rektor er skeptisk (7.3.03, 11:25)

Fagforeiningane ved Universitetet i Oslo meiner at særlovselskap vil vere eit stort tilbakesteg for demokratiet og for kvaliteten på forskinga. Heller ikkje rektorane i Tromsø og Bergen framviser nokon stor entusiasme.

Universitetsavisa skreiv for eit par veker sidan at tilsette-organisasjonane ved NTNU går unisont mot særlovselskap som organisasjonsform for universiteta.

Nå går også fagforeiningane ved Universitetet i Oslo ut med same standpunkt. Argumenta er tilsvarande: Rettane til dei tilsette vert ramma; universitetsdemokratiet vert svekka; det same gjeld kvaliteten på forsking og undervisning.

Foreiningane viser til at både statstenestemannslova og pensjonsrettane får ei i beste fall usikker framtid dersom universiteta går over til å bli særlovselskap.

– Om UiO blir organisert som særlovselskap, vil det vere eit stort tilbakesteg for alle tilsette, meiner hovedtillitsvald i Forskarforbundet, Randi Halveg Iversby.

Underdal skeptisk
Rektor ved Universitetet i Oslo, Arild Underdal, er skeptisk til særlovsmodellen. - Eg ivrar ikkje for ei slik ordning, seier Underdal til avisa Uniforum.

Underdal har dermed ei meir skeptisk haldning enn sin rektorkollega ved NTNU, Eivind Hiis Hauge. Men som Hauge legg Underdal stor vekt på dei økonomiske rammevilkåra når særlovsmodellen skal utgreiast.

– Rettsleg vurdert har universiteta i dag stor autonomi i faglege spørsmål, og det vil ganske sikkert gjelde også ved overgang til særlovselskap. Dermed vert det avgjerande i kva grad staten som eier gjev universiteta reell økonomisk handlefridom, seier Underdal.

Tromsø og Bergen: Fortset som før
Heller ikkje universitetsrektorane i Bergen og Tromsø oppviser særleg entusiasme for særlovsmodellen.

Rektor Kirsti Koch Christensen ved Universitetet i Bergen seier det slik til Forskerforum: - Vi er ikkje der NTNU er.

Ved Universitetet i Tromsø vedtok styret nyleg "business as usual." Ein fortset som før, med valde leiarar på alle nivå.

- Vi ser heller på dei måla vi har sett for korleis vi skal drive med forsking, undervisning og formidling - i staden for å snu om på styringsmodellen, seier rektor ved UiTø, Jarle Aarbakke.

Ein går nå og ventar på innstillinga frå Ryssdalutvalet. Utvalet vart etablert i desember i fjor og skal greie ut eit sams lovverk for høgare utdanning. Det vert leia av advokat Anders Ryssdal. Professor Rigmor Austgulen frå NTNU er medlem av utvalet.

Av Tore Oksholen

Vil du lese kva Universitetsavisa tidlegare har skrive om temaet? Bruk søkevinduet oppe til venstre - skriv inn særlovselskap.

For å lese kva Uniforum og Forskerforbundet skriv, bruk lenkene under.

UiO-tilsette: negative
Underdal: skeptisk
"Følgjer ikkje NTNU-modellen"