MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Fredspris til studentar i Zimbabwe (28.1.03, 13:20)

Studentanes fredspris for 2003 går til Zimbabve National Student Union, Zinasu. Prisen vart gjort offentleg i dag (tysdag) klokka tolv.

- Zinasu viser at studentkamp ikkje kan lausrivast frå kamp for fridom og demokrati generelt, sa Hallstein Havåg.
Organisasjonen får prisen for sin kamp for ytringsfridom og menneskerettar i Zimbabve.

- Zinasu står framst i kampen mot diktaturet til Robert Mugabe. At Zimbabve ikkje enda som ein eittpartistat allereie på slutten avv åttitalet, skuldast langt på veg studentane sin innsats, sa Hallstein Havåg i si grunngjeving for tildelinga. Havåg er leiar for Studetnanes fredspris 2003.

Demokrati er målet
Havåg sa også at dei zimbabvianske studentane sin kamp viser at studentkamp ikkje kan lausrivast frå kamp for demokrati og menneskerettar generelt.

- Å erstatte regimet til Mugabe med ein demokratisk vald regjering, er eit av hovudmåla til Zinasu, sa Havåg, og poengterte vidare at studentane har ført ein ikkjevaldeleg kamp.

FAKTA

DETTE ER ZINASU:
Organisasjonen vart grunnlagt på slutten av åttitalet, og er ein paraplyorganisasjon for studentorganisasjonar for høgare utdanning i Zimbabve. Aktivistane i Zinasu vert forfulgt av regimet, og aktivistar har vorten offer for vald, fengsling og tortur.

Zimbabve vart sjølvstendig i 1980, under Robert Mugabe, som framleis regjerer landet. Landet er i dag herja av vanstyre og fattigdom.

Han viste til Zinasus kamp mot at studentar skal verte tvangsopplært i Mugabes parti Patriotisk Front. Vidare har dei ytt hard motstand mot tvangsprivatisering av studenthyblar, og mot ei auke på semesteravgifta på 3.000 prosent

"Struggle is our birthright"
Dette slagordet er også mottoet til Zinasu. Leiar for den zimbabvianske studentorganisasjonen, Nkululeko Sibanda, fekk ei helsing lese opp under seremonien. Han dedikerte prisen til alle som kjempar for fridom og menneskerettar rundt om i verda.

- Å arbeide og leve under Mugabes regime er hardt. Vi er herja av arrestasjonar og tortur, men vi vil fortsetje og sloss, sa Sibanda.

Utdeling 13. mars
Også utviklingsminister Hilde Frafjord Johnsen og biskop Gunnar Stålsett fekk lest opp helsingar.

ISFiT-leiar Øystein Mørch fikk stor mediemerksemd då namnet på fredsprisvinnaren vart offentleggjort.
Studentanes Fredspris vert delt ut den 13.mars, medan festivalen pågår. Prisen har vore delt ut to gonger før. Første gongen, i 1999, gjekk den til Antero Benedito da Silva frå Aust-Timor; andre gongen i 2001 til Min Ko Naing, leiar for den burmesiske studentorganisasjonen ABFSU.

Tekst og foto: Tore Oksholen