STUDENTENES FREDSPRIS: Vinnaren kjent tysdag
(26.1.03, 21:53) Den internasjonale studentfestivalen i Trondheim (ISFiT), vil tysdag 28. januar gjere offentleg kven som får Studentanes Fredspris 2003.  |
Antero Benedito da Silva frå Aust-Timor fekk prisen i 1999. |
Prisen går til ein student eller ein studentorganisasjon som har utmerkt seg innafor freds- eller menneskerettsarbeid. Prisen ønskjer å setje fokus på dette arbeidet, og gje motivasjon til vidare innsats.
- Fleire stader i verda kjempar studentar ein ikkje-valdeleg kamp for grunnleggande menneskerettar, med liv og fridom som innsats. Vi ønskjer å rette merksemda mot det viktige arbeidet desse studentane gjer, seier ISFiT-leiar Øystein Mørch.
Studentanes Fredspris vert delt ut den 13.mars, medan festivalen pågår. Prisen har vore delt ut to gonger før. Første gongen, i 1999, gjekk den til Antero Benedito da Silva frå Aust-Timor; andre gongen i 2001 til Min Ko Naing, leiar for den burmesiske studentorganisasjonen ABFSU.
 |
Burmesiske Min Ko Naing fekk den i 2001. |
36 nominerte
Til saman 36 organisasjonar og einskildpersonar er nominert til årets pris. Identitetane til dei nominerte vert haldt hemmeleg. Alle som vil, kan nominere ein kandidat.
Fredspriskomiteen har følgjande medlemmer: Marte Lerberg Kopstad, Thorvald Stoltenberg, Gro Bækken, Anne Grosvold, Stein Tønnesson, Anne Marte Klubbenes, Alexander Hangås, Terje Håkstad og Ståle Berglund
- Prisen er viktig, for studentar står ofte i fyrste rekke i kampen for fred og demokrati i den 3. verda, men dei får sjeldan anerkjenning for innsatsen. Derfor vart prisen innstifta.
To menn har fått prisen så langt - er tida inne for ei kvinne, eventuelt ein organisasjon, denne gongen?
 |
- Studentar slåst i første rekke for fred og fridom, seier ISFiT-leiar Øystein Mørch. |
- Det kan eg ikkje svare på. Svaret får du tysdag klokka tolv.
Av Tore Oksholen |