MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Joly og Horta til ISFiT (15.1.03, 20:12)

Den internasjonale studentfestivalen i Trondheim ISFiT har lukkast med å få Eva Joly og José Ramos-Horta til Trondheim. Festivalen går av stabelen 7.-16. mars.

Den internasjoanlt kjende korrupsjonsjegaren Eva Joly, og fredsprisvinnar Ramos-Horta frå Aust-Timor, har begge takka ja til å vitje ISFiT.

Eva Joly og José Ramos-Horta.
Norske Joly vart kåra til "årets europear" i 2001 etter ei avstemming mellom dei 20 europeiske redaktørane av "Readers Digest". Ho vart vidgjeten etter å ha felt franske toppolitikarar for korrupsjon, som fransk forhøyrsdommar i økokrim-saker. Etterforskinga hennar førte til at landets tidligare utanriksminister og president i det franske Grunnlovsrådet, Roland Dumas, vart dømt for økonomisk kriminalitet, saman med sin eks-elskarinne og den tidligare leiaren for oljeselskapet Elf. Joly arbeider no som korrupsjonsrådgjevar for regjeringa Bondevik.

Fekk fredsprisen
Ramos-Horta fekk Nobels fredspris i 1996 saman med biskop Carlos Belo, for sitt arbeide for sjølvstende frå Indonesia og for å jobbe for ei fredeleg løysning på konflikten.

"Challenging Attitudes" er tittelen på årets festival, og ISFiT-leiar Øystein Mørch seier det ikkje er vanskeleg å knytte Joly og Ramos-Horta til dette.

- Å utfordre vedtekne haldningar handlar om fordeling av makt, og det handlar om utvikling. Internasjonalt er korrupsjon sett på som eit av dei største hindra for politisk og økonomisk utvikling, mellom anna gjennom sementering av etablerte maktstrukturar. Det vil vera svært intressant å høyre meir om kva for røynsler Eva Joly har gjort seg når det gjeld å utfordre folk med mykje makt, seier Mørch.

Byggje demokrati
Ramos-Horta har tala Aust-Timor si sak i FN i mange år. Han er oppteken av korleis ein fremjar politisk utvikling i landet.

- Spørsmålet er korleis ein legg grunnlaget for at eit sunt demokrati kan utvikle seg. Her er vi spent på kva han kan fortelje oss, seier Mørch.

Treng vertsfamiliar
Festivalen nærmar seg med raske steg, og festivalleiinga er oppteken av å skaffe vertsfamiliar til dei 450 deltakarane. Mørch oppmodar alle som kan og vil ta imot engasjerte studentar frå rundt om i verda, om å melde seg. Dette kan ein gjere ved å sende ein e-post til vert@isfit.org, eller slå opp på heimesidene deira.

Av Tore Oksholen

Her finn du heimesidene til ISFiT.