ISFiT: Tabu og fordommar
(11.3.03, 21:26) Ein strek på golvet. Korleis skal gruppa delast inn? Det byrjar med: - Vil alle som kjem frå Europa, gå til høgre. Fem minuttar seinare seier ein: Vil alle som er under 177 centimeter, gå til venstre. I mellomtida hadde folk gått fram og attende i rommet, etter som leiarane for gruppa finn nye måtar å dele folk inn på: Alle har noko sams, og alle har noko som splittar. Då er det at ein av deltakarane kjem med følgjande kommentar:
- Vi er visst ei ulik forsamling...
Studentfestivalen er i full gang. Det er slike seminar som er det arbeidande innhaldet i ISFiT. Unge menneske møtest, og bryt tankar om emne som opptek dei.
Dom - før og etter
Emnet var tabu, men kunne like gjerne vore titulert "fordommar." På kva grunnlag dømmer vi folk? Ein fordom, ein for-dom, er ein dom ein feller på førehand. Kva skal til for å gjere om på dommen, korrigere den og gjere den meir korrekt?
Kvinne i burka
Eit foto: Det viser ei kvinne i burka, dette nye ordet som har glidd inn i det norske språket i løpet av det siste året. Spørsmål til salen: Kva ser vi?
Ein førstereaksjon er denne: Nok ei fundamentalistisk kvinne ein stad i den arabiske verda.
Ein ung mann som heiter Edwin seier det slik: Eg synest eg ser to bilete. Kan hende vi ser ei dame ein stad i Saudi-Arabia, velståande, lukkeleg i sitt område. Eller kan hende ser vi ei sjubarnsmor i Sudan, sliten, strever livet av seg for å fø barna sine. Det er ikkje råd å vite.
Så seier ein: - Eg kjenner meg skuldig for ikkje å vite meir om henne. Nokre i forsamlinga nikkar. Dei forstår.
Historietime
Nye bilete kjem opp. Det vert klar at ein kan fortelje heile historier ut frå eit einskild bilete. Vi har røynsler og førestillingsevne til å fylle inn det som trengs.
Nytt foto: Av ein ung person, med andletet gjennomhola av metall. Munn, nase og lepper er pierca. Den første som tek ordet, går utan vidare ut frå at det er ein gut. Men han får motbør. Så tek ein frå Nigeria ordet og seier det slik: Om den unge kvinna hadde vore frå mi del av verda, og sett slik ut, ville ho vorten kraftig stigmatisert. Men om ho var kvit og vestleg, hadde folk bare gått ut frå at det sikkert er vanleg der ho kjem frå. Dei ville helst ikkje brydd seg.
Det vert eit kvartes pause. Somme går ut, andre sit på stolane sine i halvsirkelen og pratar vidare tett saman. Vi forlet forsamlinga der. Dei har resten av dagen saman.
Av Tore Oksholen |