MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Tjuveriraid på Dragvoll treningssenter (13.3.03, 10:46)

Det kan skje fleire gonger kvar dag no for tida: Skaplåsar vert klipt opp, sekkar blir tømt, og vesker forsvinn medan eigarane driv og trener.

Treningssenteret onsdag kveld: Kvart over seks vender første offer attende til garderobe 3 etter treningsøkt. Han oppdagar at hengelåsen hans er klipt over, skapet opna og bagen borte. Seinare finn han den ein annan stad i bygget, men utan pengar og CD-spelar.

Heller ikkje inne i treningsromma er sakene dine trygge, kan Arne Brevik fortelle.
Arkivfoto: Synnøve Ressem
Seinare går det slag i slag. Ei jente får bagen sin stelt frå styrkerommet, ei anna oppdagar at nokon har vore i sekken hennar. Over høgtalaranlegget vert dei besøkande fleire gonger bedne om å passe ekstra godt på sakene sine. Om ein vil, får ein plassere tinga sine ute i resepsjonen der kveldsvaktene passar på dei.

Fire personar blir ramma av tjuveri før kvelden er omme.

Nær 40 tjuveri
Idrettssjef Arne Brevik kan opplyse at dei har hatt nærare førti tilfelle av tjuveri i idrettsbygget på Dragvoll bare etter nyttår.

- Vi har ein god del på helgetid, spesielt søndagar, når det er ein god del kampar og vi ikkje har like god kontroll på kven som går i bygget: Dessutan skjer det altså på kveldstid i veka, slik som onsdag kveld. Det er høgst sannsynleg tale om ein eller to gjengangarar. Vi har prøvd å få tak i den eller dei som står bak, men ikkje lukkast så langt.

- Slu rev
Tjuvens, eller tjuvanes, modus operandi går ut på å snike seg rundt om i bygget utafor vanleg arbeidstid, og ta treningsbagar med seg ein uforstyrra stad, for så å tømme dei for verdi og forlate dei der.

- Vedkommande er ute etter pengar og verdisaker. Dei tek sekkar frå styrkeromma, medan treninga pågår, og ser sitt snitt til å klippe låser i garderobane medan dei er tom for folk.

- Det er snakk om ein slu rev. Ei jente hadde sekken med inn i hallen, og nokon hadde vore nedi sekken hennar og teke telefon og pengar, fortel Bervik.

Vakthald
Brevik fortel at det er sett i gang ei rad tiltak for å bøte på situasjonen.

- Vi har utvida vakthald i helgane, der folk frå studentidretten patruljerer. Dessutan har vi utvida kontroll av medlemskort mot studiekort.

Det har også bestilt spesielle verdiboksar som vil bli plassert ute i resepsjonen, og det vil bli installert kortlesar i andre etasje for å stogge sniking. I dag er det mogleg å omgå inngangskontroll ved å gå opp trappa i andre og vidare inn i bygget derifrå. Men den inngangen vil nå bli sett under kontroll.

Har signalement
Brevik seier at ein har monaleg bra signalement på 1-2 menn som er mistenkt for å stå bak. Ein har vore på Politihuset for å sjå gjennom ”forbrytaralbumet.”

- Vi synest det er rart at vedkommande har greidd å halde på så lenge utan på bli tatt.

Brevik ber folk om å ta med minst mogleg verdisaker på trening - og minner om at alle tilfelle av tjuveri bør meldast til politiet.

Av Tore Oksholen