ISFiT 2003: Prisvinnar ønskjer systemendring
(13.3.03, 15:10) - Vi vil ikkje bare bli kvitt Robert Mugabe. Målet er å bygge eit nytt, demokratisk system i Zimbabve, seier Nkululeko Sibanda. Torsdag tok han imot ISFiTs fredspris. |
- Først vart eg fylt av hevntørst, men nå ønskjer eg bare fred, seier studentleiar og torturoffer Nkululeko Sibanda.
|
Sibanda er president i den zimbabvianske studentunionen Zinasu. Han fortel at organisasjonen i dag tel om lag 350.000 aktivistar. Men det er mulig å mobilisere mange, mange fleire, seier han.
- Vi planlegg ei massemønstring neste fredag. Styresmaktene i landet veit det ikkje ennå, og vil derfor vonleg ikkje kunne øydelegge markeringa, seier Sibanda.
Tortur og mishandling
Å slåst mot terroregimet til Robert Mugabe er alt anna enn risikofritt. Det er Sibanda sjølv eit levande vitnemål på. Han har vore utsett for overgrep og tortur i ulike former. Fotsålene er slått med jarnstenger og er varig skada.
- Det vanlege er at dei bind hovudet mellom beina og stenger ein inne i små celler; tvingar ein til å stå på hovudet timar i strekk. Elektrisk tortur vert også brukt, fortel Sibanda.
Var Mugabe nokon gong fridomskjempar?
Mugabe var fridomskjemparen og revolusjonshelten som tok over styret for eit uavhengig Zimbabve etter at det kvite rasistregimet til Ian Smith vart styrta. Korleis gjekk det til at fridomskjemparen vart tyrann? Sibanda svarer slik:
- Mugabe var aldri nokon fridomskjempar. Det er eit bilete skapt i vestlege media. Han har alltid tydd til vald for å løyse sine "styringsproblem." Det var Mugabe sine soldatar som slakta ned 20.000 tilhøyrande ndebele-folket sør i landet tidleg på åttitalet, for å kvite seg med ein brysom opposisjon. Slik ser vi at kva han gjer i dag er konsistent med den praksisen han har følgd heile tida, meiner Sibanda. - Mugbe har alltid vore ein opportunist.
|
Erik Solheim tala under fredspristildelinga, medan ordførar Anne Kathrine Slungård heldt ei mottaking for Sibanda tidlegare på dagen. |
Nabostatane fryktar "smitte"
Målet til Sinasu er ikkje bare å bli kvitt tyrannen, men å endre heile det politiske systemet.
- Vi vil bruke prispengane til å bygge eit fond som skal brukast til dette målet - til å lære opp aktivistar i kva menneskerettar tyder i praksis, osb.
Nabostatane til Zimbabve har gjort for lite for å motarbeide Mugabe, stadfester Sibanda. Det gjeld ikkje minst president Thabo Mbeki i Sør-Afrika.
- Dette heng saman med at Mbeki fryktar sine eigne studentar. Som andre styrande i regionen er Mbeki redd for at studentanes kamp for fred og demokrati skal "smitte" til hans eige land, og slik undergrave makta hans.
- Kor lenge vert Mugabe sitjande?
- Maksimum eitt år, kan hende ikkje meir enn seks månader.
Av Tore Oksholen |