TV-serie skal auke interessa for realfag
(18.3.03, 14:47) NTNU skal få ei sentral rolle i dramaserien "Rommet uten tid" og i eit virtuelt kunnskapsspel med same namn. Tiltaket har som mål å auke fokuset på realfag som utdanning, og har bakgrunn i dei fallande søkjartala til desse faga. Unge TV-sjåarar får følgje tre ungdomsskuleelevar på reise i Noreg, mellom anna til Trondheim og NTNU. På vegen møter dei utfordringar og fenomen som kan løysast og forklarast ved bruk av realfag i praksis.
Konseptet er utvikla av De Gode Hjelperne AS, og er eit statleg prosjekt. Forskingsrådet er ein av mange samarbeidspartnarar.
|
Skjermbilete frå internettspelet som utviklast i samband med TV-serien. |
Fokus tidleg
- Det er viktig at målgruppa er såpass unge elevar, seier Camilla S. Wold, produksjonsleiar i De Gode Hjelperne AS.
- For å kome inn på dei fleste realfagsutdanningane, må du begynne å tenkje fagkombinasjonar allereie ved søking til vidaregåande. Difor må elevane vere medvitne, slik at dei ikkje stenger for moglegheitene.
Sterk profilering
Kunnskapsspelet er virtuelt knytt til TV-serien, men går grundigare inn på tema som vert presentert. Det vil ligge på internett, og her får NTNU sjansen til å vise seg fram. Det blir viktig å framheve kva for fag NTNU ønskjer rekruttering til, kvifor desse faga er viktige i framtida og kva slags arbeid dei fører til. Slik skal elevar bli medvitne på denne retninga innan utdanning. Det vil også vere fokus på forskinga ved NTNU.
Realfagleg jul
Vil du ha med deg spenning, dramatikk og ungdommeleg kjærleik med ein god dose realfag i botnen, kan du gle deg ei stund. "Rommet uten tid" vil bli sendt i åtte episodar på NRK i romjula, og åtte episodar neste år. Kunnskapsspelet blir truleg lansert noko tidlegare. Det er enno ikkje klart når og kvar innspelinga ved NTNU vil skje
Av Lisa Farstad Har du besøkt vevsidane til det nasjonale RENATE-senteret? Senteret som ligg ved NTNU arbeider også for å betre rekrutteringa til naturvitskaplege og teknologiske studiar.
|