KRIGEN I IRAK: Frå krig til borgarkrig?
(21.3.03, 10:57) Krigen i Irak er uvanleg - dei fleste krigar i dag er nemleg borgarkrigar. Men når Saddam forsvinn, kan Irak gå gjennom ein "jugoslavifisering". I år 2001 var bare ein av 34 pågåande konfliktar krig mellom statar. Dei andre 33 var borgarkrigar. Likevel har det vore forska særs lite på slike interstatlege konfliktar. Det nydanna senteret for studiar av borgarkrig vil gjere noko med dette. Senteret var eitt av dei 13 som i fjor fekk status som Senter for framragande forsking.
|
Ola Listhaug fryktar sterke etniske spenningar i Irak.
Arkivfoto NTNU Info |
- I Irak har vi ein situasjon der eit totalitært regime står for fall, og der det herskar sterke indre etniske spenningar. Irak kan gå gjennom ei utvikling som liknar på den i Jugoslavia, seier professor Ola Listhaug.
- Men dette er sjølvsagt usikkert, og berre eitt av fleire moglege scenarium.
Verdiar og vald
Senteret er lagt til Fredsforskingsinstituttet PRIO, men har ein sterk link til NTNU. Leiaren for senteret, professor Scott Gates, er NTNU-professor med permisjon. Og instituttstyrar ved Sosiologi og statsvitskap, professor Listhaug, leiar ein av arbeidsgruppene til senteret. Hans gruppe skal konsentrere seg om verdiar og vald – korleis eit konfliktridd samfunn kan få bukt med valden.
Listhaug poengterer at han ikkje sit med detaljkunnskap om dei indre konfliktane i Irak. Det er det svært få som har. Dette kan skape store problem for amerikanarane etter at krigen er vunne.
Irak eit klansamfunn
Irak er sett på som den, etnisk sett, mest heterogene (ulikt samansett) staten i Midt-Austen. I nord har ein kurdarane, i midten sunnimuslimar og i sør shiaene. Dessutan er Irak på mange måtar ein klansamfunn.
- Eit spørsmål her er i kva grad det nåverande regimet har vore med på å auke slike spenningar, seier Listhaug.
Det er kjent at Saddam har plassert folk frå sin heimby i mange sentrale posisjonar rundt seg.
Hengemyr
Dersom den venta USA-sigeren i Irak fører til at staten vert splitta opp i fleire mindre statar, er ikkje utsiktene dei beste, om ein ser til eks-Jugoslavia. Dei nye statane der gjekk snart til krig mot kvarandre, og fortsette med sterke indre spenningar. I dag er ein stat som Serbia ridd av vald og vanstyre.
Spørsmålet er dermed om USA sig ut i ei hengemyr av interne, borgarkrigsliknande konfliktar, etter at sigeren på slagmarka er sikra.
av Tore Oksholen |