Rana Rezek: "Snakk til meg før du dømmer meg"
(23.3.03, 22:04) Medan panserbrigadane rullar mot Bagdad, bøyer palestinske Rana Rezek hovudet i bønn i moskeen i kjellaren under Gamle Kjemi. Ho undrar. Tittelen på dette intervjuet kjem frå lovnaden/eiden dei gav kvarandre i workshop-gruppa frå ISFiT som ho var med på å leie.
"Snakk til meg før du fell din dom".
Rana Rezek undrar.
Ho er i innspurten på Mastergraden i elektroteknikk. Det er hektisk og stressande. Men det er nokre andre tankar som kjempar om merksemda. Mellom anna dette: Når den unge kvinna vandrar over Gløshaugenplatået iført jakke, svart genser og dongeribukse, er det ingen som legg spesielt merke til ho. Men når ho trekk eit svart skaut rundt hovudet, skjer det brått noko. Folk ser. Dei ser - på den måten. Og ser bort.
- Sjølv vener som kjenner meg, kunne gå forbi utan å kjenne meg att. Eg måtte rope: "Hei, det er meg, Rana!" Det var som å bli redusert frå å vere den personen eg er, til å bli noko anna, ein type, eit ferdiglaga bilete, ein stereotypi.
Det begynte med Fademe
- Mange seier at det begynte med 11. september. Men eigentleg starta det heile med drapet på Fademe i Sverige. Verken Fademe eller familien hennar var muslimar. Men det var det ingen som fekk med seg. Biletet som sto att, var dette: Muslimar driv med æresdrap. Det vart skapt eit bilete av oss som vi ikkje kjenner oss att i.
Rana har vener ved NTNU. Men ho har hatt ubehagelege opplevingar ved universitetet. Som den gongen i fjor, då ho sto på busshaldeplassen, iført palestinaskjerf, og nokre studentar roper ukvemsord etter henne.
- Dei ropte Død over palestinarane, lenge leve Israel.
Etter kvart følgjer ein av dei etter henne om bord i bussen og prøver å rive skjerfet av henne:
- Kvifor kom du hit?
Eller på ei forelesing, kor ein student spør henne: "Kvifor kom du hit." Det begynte med at ho bad om at det vart førelest på engelsk.
Vi spør om ho har opplevd rasisme ved NTNU. Ho svarer med å spørje "kva er rasisme?" og fortel om episodane overfor.
- Det er OK å sjå på halvnakne kvinner. Men straks ein dekker håret med eit svart skjerf, vert saka ein heilt annan. Eg opplever at dei ser rart på meg, og det gjer meg trist, og sint.
Rana planlegg å iføre seg full hijab, som dekker alt hår og hud, utanom andlet og hender. (Hijab skil seg frå Burkha, som dekker alt utanom augo) Ho bare ventar på å få tilsendt ein moteriktig versjon av klesdrakta, som er fin nok.
Kvifor?
- Fordi eg kjenner eit sterkt behov for det nå. Eg er nok blitt meir religiøs i den seinare tida.
Vil gå i hijab
Rana fortel om telefonsamtalene med faren. Då ho sa at ho ville begynne å gå i hijab, sa han "Kvifor ikkje, dersom det er det du vil – og det ikkje lager problem for deg."
Rana gir inntrykk av å sloss med kjenslene sine under heile intervjuet. Ho er alltid redd for korleis familien har det. Faren seier at det går bra, men ho trur ikkje på han.
- Eg veit han ikkje seier sanninga. Han vil ikkje at eg skal uroe meg.
Død baby
Medan vi snakkar saman, tek ho opp nokre palestinske sider på nettet. Dei viser bilete av folk som er drepne av israelarane. Rana spør meg om kva eg synest om den USA-leia innmarsjen i Irak, om at ti tusen og kan hende hundre tusen vil bli drepne i krigen.
Så viser ho eit bilete på skjermen, av liket av ei jentebaby. Ho vart fire månader. Skoten gjennom brystet. Av israelske soldatar, står det skriven på skjermen.
- Lurar du på kvifor folk vert sjølmordsbombarar? Her har du forklaringa. Når livet vert tømt for meining, kan ein gjere kva som helst, også drepe. Når du misser familien din, alle du elskar… Den palestinske sjølvmordsbombaren er eit offer, ingen terrorist.
Helvetes forgård
Til sommaren er ho ferdig med mastergraden. Då vil ho attende, til Gaza eller til Amman. Ho har jordansk pass, men er palestinar.
For meg verkar det som noko nær galskap, å ville forlate tryggleiken her i Trondheim, og flytte til Gaza, som må vere noko nær Helvetes forgård nå?
Svaret hennar er kort:
- Men eg fann ikkje tryggleik i Noreg.
Internasjonale NTNU?
Rana synest språkbarrieren reiser problem som vert i største laget.
- Ein kan ikkje vente at vi utlendingar lærer oss godt nok norsk til å følgje førelesingar på norsk - spesielt ikkje med alle dei ulike dialektane dykkar. Om NTNU verkeleg tek på alvor ambisjonane sine om å vere eit internasjonalt universitet, må ein tillate engelsk som undervisningsspråk. Eg har studert ved Bir Zeit på Vestbreidda, og der var det sjølvsagt at vi skifta frå arabisk til engelsk, av omsyn til utlendingar. Det skulle bare mangle.
Kva tenker du om framtida?
- Eg kjenner meg trist, og vonlaus. Men eg har håp. Håpet er å få eit barn, og late det vekse opp utan å vere redd. For barndomen til palestinarane var det nokon som stal.
Tekst og foto: Tore Oksholen |