KRIGEN I IRAK: Blodsporet etter Bush og Osama
(25.3.03, 14:53) Den første Gulfkrigen gav føde til Osama bin Ladens hat mot USA. Hatet resulterte i 11. september. - Kva denne Gulfkrigen kan føre til av hat og terror, kan vi ikkje førestille oss enno, seier professor Torbjørn Knutsen. I desse dagane gir han ut boka ”Blodspor.” Bakgrunnen for USAs åtak på Irak ligg i terroråtaket 11. september. Dersom ikkje sjølvmordspilotar frå al-Quaida hadde styrta kapra passasjerfly inn i World Trade Center denne dagen, ville ikkje USA gått til krig i Irak, og heller ikkje Afghanistan.
Men kva førte til ”11/9”?
Ekstremt provosert
- Ei av årsakene til al-Quaidas leiar, Osama bin Laden, sitt hat mot USA finn vi i den første Gulfkrigen. Bin Ladens hat kjem ikkje frå noko nært samarbeid med Saddam Hussein, men fordi den amerikanske invasjonen av eit arabisk land verka ekstremt provoserande på fundamentalistiske muslimar, meiner professor Knutsen.
Han åtvarar om følgjene den nye Gulkrigen kan få for veksten i hat og terror.
Muslimsk brorskap
Med boka "Blodspor" prøver han å forklare bakgrunnen for 11. september. Forklaringa finn vi ikkje i USAs utanrikspolitikk åleine, og heller ikkje utelukkande i den muslimske verda, skriv han. Forklaringa ligg i møtet mellom dei to. Her trekker han linene attende til danninga av det muslimske brorskapet på trettitalet.
Knutsen begynte å skrive på boka straks etter 11. september, ut frå eit behov for å forstå og analysere kva som skjedde. Boka er skrive med bidrag frå fleire hovudfagstudentar i statsvitskap.
Denne datoen endra verda, seier han. Denne endringa er langt meir openbar i USA, der Knutsen oppheld seg for augneblinken.
Ny militarisme
- Kampen mot terror vart med ein gong ei berebjelke i USAs tryggingspolitikk, og tente i i lange tider til å legitimere ein ny militarisme i amerikansk åtferd i utlandet. Dette er ein militarisme som Noreg må ta stilling til, seier han.
Torbjørn Knutsen er til vanleg professor ved Institutt for sosiologi og statsvitskap. Han er no gjesteforskar ved John Hopkins University i Washington.
Av Tore Oksholen |