(1.1.70, 01:00) Mellom stat og marknad
Morgondagens universitet er i støypeskeia. I departementet grunnar statsråd Kristin Clemet på kva for eigarform norske universitet og høgskular skal ha. Sikkert er det at universiteta vert meir toppstyrt. Valde leiarar på alle nivå vert erstatta av tilsette styrarar.
Grannelanda ligg føre Noreg i utviklinga også her. Chalmers i Gøteborg og Danmarks Teknuske Universitet (DTU) i København har vore meir eller mindre private i ei tid. Danmark er i ferd med å få ei ny universitetslov.
Kva for røeynsler har ein gjort seg ved desse universiteta? Universitetsavisas Tore Oksholen har besøkt Chalmers og DTU. Dette er den første av i alt seks artiklar. |