(1.1.70, 01:00) MELLOM STAT OG MARKNAD: Inga spøk: 1. april vedtok Styret ved NTNU at valde leiarar på alle nivå vert erstatta av tilsette styrarar. Samstundes sit statsråd Kristin Clemet i departementet og grunnar på kva for eigarform norske universitet og høgskular skal ha. Sikkert er det at universiteta vert meir toppstyrt.
Morgondagens universitet er i støypeskeia.
Noreg etter: Grannelanda ligg føre Noreg i utviklinga også her. Chalmers i Göteborg og Danmarks Tekniske Universitet (DTU) i København har vore meir eller mindre private i ei tid. Danmark er i ferd med å få ei ny universitetslov.
Kva for røynsler har ein gjort seg ved desse universiteta? Universitetsavisas Tore Oksholen har besøkt Chalmers og DTU. Dette er den første av i alt seks artiklar, som vi legg ut dei næraste dagane. |