MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

NY ARTIKKELSERIE: "MELLOM STAT OG MARKNAD"
AS-universitetet finns i Göteborg (2.4.03, 14:00)

Göteborg: - Vi ser internasjonale teikn på at universiteta vert det neste store kriseområdet. For Chalmers har den endra organisasjonsforma vore vårt svar.

Stig Ekman: - Enno har ingen professor blitt sagt opp.
Stig Ekman blar fram ein artikkel han nett har fått i handa. Den handlar om at EU-kommisjonen nyleg starta ein debatt om nye finansieringskjelder for europeiske universitet. Bakgrunnen er denne: USA bruker dobbelt så mykje pengar på høgare utdanning som det gjennomsnittlege EU-universitet. Medan universitet i EU-landa brukar 1,1 prosent av sine brutto nasjonalprodukt (BNP) på dette, er talet i USA 2.3 prosent. (Noreg ligg venteleg ikkje over EU-nivået.)

Skilnaden ligg i det private bidraget, som er mykje lågare i Europa. Dette gjeld ikkje minst dei ålmenne fonda, som universiteta har bygd opp ved hjelp av donasjonar frå rike familiar, filantropiske stiftingar, og gåver frå næringslivet.

Desse tala er nye, men problema har vore synlege i fleire år, meiner Ekman.

Fleire oppgåver, ikkje meir pengar
Ekman er administrativ leiar for Chalmers stiftelse, og har vore med på prosessen frå byrjinga. Han meiner val av organisasjonsform må sjåast i samanheng med desse strukturelle utfordringane.

- Universiteta har teke imot fleire studentar, men utan å ha fått ei tilsvarande auke i finansieringa. Samstundes får universiteta tilført stadig fleire samfunnsoppgåver: Samfunnet ser i aukande grad mot oss for å finne løysingar på morgondagens problem - ikkje minst kva ein skal leve av. Men når vi ser mot staten for å få meir pengar for å møte desse forventningane, ser vi at vi må konkurrere stadig hardare om merksemda. Det er andre samfunnsoppgåver - helse, trygder, grunnskule - som også har eit auka behov for pengar, seier Ekman.

Så kva skal ein gjere med det?

To nivå
- Chalmers som stiftelse og aksjeselskap var vår måte å møte desse utfordringane på, seier Ekman.

Chalmers er organisert på to nivå. Øvst er ein stiftelse, som i sin tur eig alle aksjane i Chalmers Tekniska Högskola AB, som i sin tur har eit par dotterselskap. Stiftelsen har eit styre på elleve medlemmer, der åtte er eksterne. Medlemma er for det meste næringslivstoppar og garva politikarar.

Hall of fame: Mot å betale ein ikkje ubetydeleg pengesum, får ein namnet sitt øvst på denne veggen. Jo meir ein gir, jo større plass får ein.
Tre fridomar
Omorganiseringa vart sett i kraft 1. juli 1994. Den skulle møte behovet for tre fridomar, forklarer Ekman. Ein av desse var strategisk fridom. - Vi ønskte fridom til å organisere oss slik vi sjølv ville. Vi ville bli kvitt detaljerte reglar for administrativ organisasjon, som påla oss fakultetsråd osb, seier Ekman.

Lova for aksjeselskap seier bare at det skal vere eit styre, med ein adm.dir. Hos Chalmers er han også rektor.

- Denne fridomen skulle også gi oss høve til å etablere nye AS, og nye stiftelser. Det får ikkje statlege verksemder lov til.

Tilsetje kven ein vil
Fridom til å rekruttere personale. - Vår standard står eller fell på om vi har moglegheit til å rekruttere dei rette folka, for å få tak i dei rette studentane. Ikkje minst er dette viktig i høve til våre strategiske satsingsområde, seier Ekman.

I dag har ein høve til å hente interessante kandidatar rett inn, utan å måtte gå vegen om offentleg utlysing.

FAKTA

MELLOM STAT OG MARKNAD: Inga spøk: 1. april vedtok Styret ved NTNU at valde leiarar på alle nivå vert erstatta av tilsette styrarar. Samstundes sit statsråd Kristin Clemet i departementet og grunnar på kva for eigarform norske universitet og høgskular skal ha. Sikkert er det at universiteta vert meir toppstyrt.

Morgondagens universitet er i støypeskeia.

Noreg etter: Grannelanda ligg føre Noreg i utviklinga også her. Chalmers i Göteborg og Danmarks Tekniske Universitet (DTU) i København har vore meir eller mindre private i ei tid. Danmark er i ferd med å få ei ny universitetslov.

Kva for røynsler har ein gjort seg ved desse universiteta? Universitetsavisas Tore Oksholen har besøkt Chalmers og DTU. Dette er den første av i alt seks artiklar, som vi legg ut dei næraste dagane.

Den tredje fridomen gjeld fridom til å investere. - Det er viktig for vår langsiktige tenking å kunne gjere strategiske investeringar, seier Ekman.

Såleis har Chalmers kjøpt opp eit stort hamneområde, for å etablere ny undervisningsverksemd der. Ein har også kjøpt eit gammalt sjukehusområde. Men dette inneber risiko for feilinvesteringar. Meir om det i neste artikkel i denne serien.

Oppseiingar?
Den gamle tids professor var uoppseielig. Dette vart det slutt på. I dag kan ein professor seiast opp, som andre. Slik er det ved alle svenske universitet, ikkje berre Chalmers.

- Chalmers i dag kan tilsette den ein vil. Men kan ein også seie opp den ein vil?

- Vi må følgje same reglar som i næringslivet elles, seier Ekman. Han stadfester at ikkje ein einaste professor er sagt opp etter 1. juli 1994.

Men for teknisk/administrativt tilsette er situasjonen ein annan. Eit ukjent tal tilsette her har måtta slutta, grunna vanskeleg økonomi eller endringar i satsingsområde.

Ekman seier at lønsnivået ved Chalmers er om lag det same som for dei statlege universiteta. Det er nok likevel noko større lønsskilnader, trur han.

Fleire etter?
- Dersom Chalmers sin organisasjonsform er ein suksess: Kvifor følgjer ikkje fleire svenske universitet etter?

- Den viktigaste årsaka er at staten inntil vidare ikkje har gjeve tilbodet til fleire universitet. Dette var langt frå gratis, seier Ekman. Staten utbetalte 1,58 milliardar kroner til stiftinga ved etableringa. Frå dette vert trekt 600 millionar som gjekk til garanti for pensjonsfondet. Dei tilsette har dei same pensjonsrettane som statlege universitet.

Tekst og foto: Tore Oksholen

Her finn du Chalmers på nettet.