MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

MELLOM STAT OG MARKNAD:
- Fram for inkompetanse (6.4.03, 19:48)

Göteborg: - Stiftelsesforma gjorde det mogleg å drive inkompetent. Dermed miste vi det vesle overskotet forskargruppa vår hadde. Det vart inndrege for å dekke underskot sentralt.

Bengt Lundqvist ved Institutt for anvend fysikk, Chalmers, representerer ein utdøyande rase i Sverige. Han er professor av den gamle typen – ein av dei som vart utnemnt av Regjeringa.

I første artikkel i denne serien omtala vi korleis Chalmers fekk endra eigarforma i 1994, med stiftelse på toppen og eit AS under det. Korleis har endringa vore opplevd, sett frå det vitskaplege grunnfjellet ved Chalmers? Professor Lundqvist er ein av veteranane. Han synest ikkje kvardagen som forskar er vorten lettare etter overgangen.

- På mange måtar har vi fått det vanskelegare. Dette handlar som ofte elles om pengar. Det som er sikkert, er at verken Chalmers, eller vi forskarar, har fått betre råd etter 1994.

- Organisasjonsendringa opna for uansvarleg drift, meiner professor Bengt Lundqvist.
- Revolusjon ikkje mogleg
Lundqvist er kritisk til sjølve førestellinga om at ein skulle kunne snu opp ned på ein tradisjonsbunden og veletablert utdanningsinstitusjon med å gjere ein slik drastisk organisasjonsendring.

- I ein gammal organisasjon har folk gamle tankar.

Chalmers var ein statleg institusjon, styrt etter vilkår og reglar fatta av den svenske Riksdagen. Så skulle ein altså få "fridom under ansvar." Professor Lundqvist synest ikkje nokon burde vorten overraska over at det kom til å gå i motbakke.

- Eg trur det ville vore mykje betre om ein prøvde ut stiftelsesforma på ei heilt nytt universitet, ein ny organisasjon som kan bli prega frå byrjinga av, seier han.

- Dårlege leiarar
Det krevst godt leiarskap for å få til gjennomgripande endringar. Det leiarskapet fekk ein ikkje ved Chalmers, meiner han.

- Det vi fekk, var dårleg økonomi.

Lundqvist presiserer at kritikken i første rekke er retta mot den fyrste generasjons leiarar. Det noverande regimet har arva mange problem som må greiast opp i.

Bilverkstaden Chalmers
Chalmers vert driven som om det var ein bilverkstad, meiner professor Lundqvist. Ein fokuserer på pengar inn og pengar ut. Så lenge kunden kjem attende, er det uviktig korleis bilen vert etter at den er reparert.

For ein del av verksemda gjekk det bra den første tida etter at Chalmers vart stiftelse og AS.

- Ein fekk meir pengar, og aksjane gjekk oppover. Så tok leiinga på seg spanderbuksene, og sette i gong ei rad nye verksemder, som ikkje heldt fagleg mål internasjonalt, seier han.

- Uansvarleg drift
Fysikkprofessoren meiner at då Chalmers vart omorganisert til stiftelse/AS, vart det opna for uansvarleg drift.

- Det blei mogleg å drive inkompetent. Etter kvart tapte Chalmers pengar. Dermed vart til dømes det vesle overskotet som vår forskargruppe hadde til å satse på ny forsking, inndrege for å dekke pengetap sentralt ved universitetet, seier Lundqvist.

Etter at professorane miste gamle dagars vern mot oppseiing, og økonomien ved Chalmes i tillegg vart meir usikker, har folk vorten meir forsiktig med å seie kva dei meiner, i følgje professor Lundqvist.

- Eg ser mange bøygde ryggar i dag.

Tekst og foto: Tore Oksholen

Les også artikkelen "AS-universitetet finns i Göteborg."