MELLOM STAT OG MARKNAD: All makt til rektor
(8.4.03, 10:07) København: Danmarks Tekniske Universitet (DTU) gjekk over til å bli privat stiftelse for to år sidan. Resultatet vart at ein henta rektor utanfrå, og gav han all makt. - Rektor har for mykje makt. Dei tilsette er blitt redd for å seie kva dei meiner. Dei veit at mange har blitt sagt opp dei siste par åra.
|
Esben Søltoft: - Ingen held rektor i øyra. |
Dette er noko som går att: Både studentleiaren ved universitetet og redaksjonssekretæren i det danske bladet Forskerforum seier det. Det same får vi høyre frå forskarar vi snakka med. Rektor Lars Pallesen er ein svært sterk leiar, og nokre titals forskarar har blitt sagt opp i løpet av dei siste to åra, som følgje av at forskingsområde blei lagt ned, eller på grunn av utilfredsstillande arbeid.
Dandy-lova
"Dandy-lova" vart ho heitande på folkemunne, dispensasjonslova som endra DTU til å bli stiftelse frå 1. januar 2001. Samstundes vart det innført tilsetting av leiarar på alle nivå. Tilnamnet fekk lova etter ei namnekonkurranse utlyst av Forskerforum.
Namnet viser til ein konflikt ved Århus Universitet for nokre år sidan. To dentalforskarar vart satt under press frå tannkremprodusenten Dandy, som ville hindre offentleggjering av ufordelaktige forskingsresultat. Rektor gav først etter for Dandys krav om at offentleggjeringa skulle utsetjast. Dette førte til opprør ved universitetet, og det vart fremja krav om at han måtte gå av.
Dandy-saka har seinare blitt ståande som eit symbol på korleis det kan gå dersom private verksemder får for mykje makt over forskinga.
Vert ikkje høyrt
Dandy-lova innebar i første rekke at 1) DTU eig seg sjølv, og 2) leiarar vert tilsett på alle nivå. Samstundes er det ikkje noko krav til at studentar og tilsette skal bli høyrt når viktige avgjersler vert handsama - som strategiprosessar, høyringsrundar osb.
Slik vert det no for alle danske universitet og høgskular: Ei ny universitetslov er i ferd med å tre i kraft, og den har teke opp i seg det meste av innhaldet i dandy-lova.
|
Jørgen Øllgård: - Ministeriet nyttar DTU som brekkstang. |
Konsistoriet (kollegiet) ved DTU var ikkje udelt begeistra for modellen då forskingsministeren prøvde å selje den inn. Han lokka med at dersom DTU gjekk med på nyordninga, skulle dei få økonomiske rammevilkår som var betre enn dei andre universiteta hadde. Riset bak spegelen var at framtida kunne vere usikker dersom dei sa nei.
DTU som brekkstang
DTU ligg i Lyngør, like utafor bygrensa til København. Området er like flatt som resten av landet. Alt er breitt ved DTU, sjølv korridorane mellom bygningane er om lag 10 meter på tvers. Mange av husa er i dårleg forfatning, og ein var samd om at opprusting ville koste 1-1,5 milliardar kroner. Desse pengane var det ein ville få tak på ved privatisering, og DTU hadde eit desperat behov for denne opprustinga.
Redaksjonssekretær Jørgen Øllgård i Forskerforum har skrive bok om DTUs overgang til stiftelse. Han er klar på at departementet nytta behovet for opprusting av bygningar som brekkstang for å få konsistoriet til å godta organisasjonsendringa.
Same forskingsminister har nå nytta denne modellen på heile det danske Akademia.
Usikker økonomi
Enden på visa var at universitetet fekk lovnad frå staten om 3,5 milliardar kroner ved fristillinga. I siste runde vart halvparten gjort om til eit statleg lån, som DTU nå bare betaler rentene på. Ved normal nedbetaling kostar lånet DTU 100 millionar kroner i året.
Dette er ein av grunnane til at det i dag ikkje står særleg bra til økonomisk ved DTU. Rektor Lars Pallesen fortel at ein i dag ikkje er sett på som kredittverdig i private bankar. (Heile intervjuet med rektor kjem i neste artikkel.)
|
Tom Høholdt: - Tilsette tør ikkje kritisere leiinga. |
Nedlegging gjev oppseiingar
DTU har fått talet på instituttstyrarar redusert frå 53 i midten av åttitalet, til dagens 15. Universitetet er organisert som eitt fakultet. Leiarskapet består forutan rektor av prorektor, universitetsdirektør, ein forskingsdekan og to utdanningsdekanar. I praksis er det ikkje noko styringsnivå mellom rektor og instituttstyrarane. Styrarane vert tilsett av rektor.
Rektor avgjer når fagområde skal leggjast ned, og han avgjer når nye skal byggast opp. Ved nedlegging vert dei tilsette ofte sagt opp.
- For mykje makt
Esben Søltoft er leiar for Polyteknisk foreining, den største studentorganisasjonen ved DTU. Søltoft meiner rektor har for stor makt.
- For mange ting avheng av kva han gjer eller ikkje gjer. Dette har ein positiv side: Dersom vi får overbevist han om noko vi gjerne vil, veit vi at det vil bli gjennomført, raskt. Det er effektivt. Men alt må gå gjennom han, og seier han nei, er det kroken på døra. Dermed kjenner mange seg overkøyrde.
Lukka prosessar
Søltoft er også kritisk til at beslutningsprosessane er blitt lukka: - Eit døme er den nye strategiplanen som vart vedteken for ei tid sidan. Vi fekk først høyre om den etter at den var klubba. Heller ikkje dei tilsette fekk kome med innspel.
Forskerforum kjem med døme på at når departementet ber om høyringsuttalingar frå DTU, kjem dei i form av formuleringar der rektor skriv i eg-form.
- Ingen held rektor i øyra. Han svarer bare overfor styret, og dei møtest sjeldan, seier Søltoft.
Frykt
Studentleiaren seier at rektors makt gjer at tilsette kjenner seg utrygge, og ikkje tør seie meininga si. - Vi opplever tilsette som er einige i saker vi fremjar, men som ikkje tør gje oss open støtte, seier Søltoft.
Førsteamanuensis Tom Høholdt ved institutt for matematikk er åleine om å kritisere leiinga under fullt namn. Høholdt stadfester at kritiske kollegaer ikkje tør seie kva dei meiner, av frykt for å oppleve at eige fagfelt vert sett i kø for utfasing. Han er ikkje sjølv redd for dette:
- Rektor tør ikkje røre meg.
Redaksjonssekretær Øllgård seier at Høholdt er kjent for å vere ualminneleg dyktig, og at han arbeider i eit særs viktig felt for DTU. Dette er grunnen til at han ikkje treng frykte oppseiing, seier Øllgård.
Tekst og foto: Tore Oksholen
NESTE REPORTASJE I SERIEN "FRÅ STAT TIL MARKNAD" - Rektor Pallesen: - Vi har ikkje plass for dei svake forskarane - KJEM TORSDAG 10. APRIL:
MELLOM STAT OG MARKNAD 1: AS-universitetet finst i Göteborg MELLOM STAT OG MARKNAD 2: - Fram for inkompetanse
|