MELLOM STAT OG MARKNAD: - Vi har ikkje plass for dei svake forskarane
(10.4.03, 08:41) København: Har rektor ved Danmarks Tekniske Universitet (DTU) for mykje makt, slik kritikarane hevdar? - Kritikarane heng fast i ei primitiv forståing av kva det vil seie å drive eit universitet, svarar rektor Lars Pallesen. Rektor Pallesens mål er at DTU om ti år skal vere eit av Europas ti beste tekniske/ingeniørvitskaplege universitet.
- For å nå dette målet, trengs ei effektiv universitetsleiing, og det trengs målstyring av aktivitetane. Institutta må finne seg i å bli målt opp mot søsterinstitutt i andre land. Forskingsområde som ikkje går så godt, vil bli lagt ned, eller omforma, seier Pallesen.
Det kan ikkje vere slik at ein er garantert jobb i all framtid, straks ein har blitt tilsett ved DTU.
- Slik er det heller ikkje i dag, men dette vil bli ytterlegare skjerpa i tida framover. Det er ikkje plass for dei svake forskarane. Enten utviklar dei seg, eller så er det ikkje plass for dei ved universitetet.
|
Rektor Lars Pallesen: - Når du investerer i teknologisk forsking, får du valuta for pengane. Pengar som går til teologisk forsking, er berre ein utgift. |
- Kom med bevis!
- Det har vore fremma kritikk frå fleire hald om at tilsette ved DTU ikkje tør seie kva dei meiner, av frykt for å misse jobbane sine?
- Eg har høyrt dette. Slike påstandar er lett å sette fram, så lenge ein ikkje treng bevise dei, svarer Pallesen.
Han har lite sans for denne typen kritikk. Så lenge ein ikkje kjem med konkrete døme, kan den heller ikkje tilbakevisast.
- Frykt skuldast andre årsaker
Rektor trur at forskarar som påstår at dei fryktar for jobbane sine dersom dei seier meiningane sine opent, eigentleg uroar seg for stillingane sine av andre årsaker.
- Det som er klart, er at det alltid vil vere forskarar som høyrer til fagområde med låg studenttilstrøyming. Tilsette her vil kunne vere redd for innskrenkingar. Det kan også tenkast forskarar som produserer svært lite, og som derfor fryktar for stillingane sine. Slik er det overalt - om ein ikkje lever opp til forventingane, risikerer ein å misse jobben. Og dersom det er slik at nokon trur at bare fordi ein er universitetstilsett, så treng ein ikkje leve opp til kva som vert forventa, då har ein misforstått.
- Kor mange har misst jobbane sine etter at du vart rektor?
- Det er ikkje mange. Folk misste jobbane sine også før mi tid. Det har også skjedd at vi har skilt oss av med svært gode forskarar, til dømes på området tungkraft-teknikk, fordi området vart fasa ut då det vart klart at Danmark ikkje kom til å satse på atomkraft. Igjen: Ein må ikkje forvente at, fordi om ein har fått jobb ved DTU, så er ein garantert å ha den fram til ein vert pensjonist. Eg trur faktisk ikkje det er ein spesielt god idé.
Kritisk, men ikkje illojal
- Vil du kunne tilsette ein person som instuttleiar ved DTU, sjølv om vedkommande har uttala seg kritisk om ditt leiarskap?
- Sjølvsagt. Vi har ikkje noko ønskje om å vere samd i alt. Ein kan vere usamd, men ikkje illojal. Ein må ikkje uttale seg slik at ein medvetent skader universitetet eller kollegar.
- Ein tilsett ved DTU, dosent Tom Høholdt, meiner at ein kan sette spørsmålsteikn ved dine faglege kvalifikasjonar: Han seier til meg at "Rektor ved DTU skal vere ein internasjonalt anerkjent forskar. Ein kan spørje om Pallesen tilfredstiller dette kravet." Korleis vil du kommentere dette utsegnet?
- Eg synest det seier meir om han enn om meg. Nå er heller ikkje Tom Høholdt nokon betydingsfull person her ved DTU. Det eg kan seie, er at styret står 100 prosent bak meg. Men på eit vis har han rett: Eg har ein internasjonal forskarkarriere bak meg i yngre år, der eg vann fleire viktige prisar, men eg har ikkje forska dei siste 15 åra.
- Kor i grenselandet mellom sakleg kritikk og illojalitet vil du plassere dette utsegnet?
- Eg veit ikkje heilt... Han er ein dyktig undervisar i matematikk, og ein god forskar. Tom Høholdt er ingen viktig person, og slike utsegn held ikkje meg våken om nettene.
|
DTU breiar seg ut over eit stort område i den nordlege delen av København. Lærestaden har 6.000 vanlege studentar og 600 doktorgradsstudentar. |
For mykje makt? - Nei.
- Studentleiar Esben Søltoft seier at det gode med all makta som er lagt til ditt kontor, er at ein veit at ting vert gjort dersom du går for ein sak. Det problematiske er at dersom du seier nei, er løpet kjørt - du har for mykje makt. Kva seier du til det?
- Tidlegare var det slik at studentane hadde formelle kanalar for å påverke avgjersler sentralt. I dag er gjennomslagskraften deira avhengig av krafta i argumenta deira, og slik bør det vere.
Pallesen minner om at dei fleste sakene i det daglege vert avgjort ute på institutta, og av dekanane.
- Det er bare eit fåtal saker som kjem på mitt bord.
Han meiner at skuldingane om at han har for mykje makt, langt på veg kjem av ein gammaldags oppfatning av korleis eit universitet bør leiast.
- Universitetet vart ein gong oppfatta som ein slagmark, der kvar og ein slost for sine saker. Det er på mange måtar ein primitiv oppfatning. Slik vert ikkje dei førande universitet ute i verda styrt. Å seie at eg har for mykje makt, er å seie at ein administrerande direktør har for mykje makt. Til sjuande og sist handlar dette ikkje om å bestemme, men om å legge rammevilkåra til rette; å få ting til å skje.
Økonomi
På spørsmål om DTU har fått betre økonomi etter at det vart stiftelse, svarer Pallesen at det nok ikkje har gått heilt som forventa. Universitetet har ikkje fått det handlingsrom ein trudde ein ville få.
- Vi trudde at vi ville vere i stand til å ta opp lån til ombygging, og at vi ville få naudsynt økonomisk kompensasjon. Slik har det ikkje gått.
I dag er situasjonen slik at DTU ikkje er sett på som kredittverdig i private bankar. Ein kan ikkje stille opp med den sikringa som krevst: Bygningane fungerer dårleg som pant, fordi dei kan ikkje brukast til stort anna enn undervisning, og grunnen er hefta med ei rad vilkår som avgrensar alternativ bruk.
- Korleis ser resten av det danske akademia på røynslene som DTU har gjort?
- Det varierer ein heil del. Mange ønskjer å fortsette som før. Vi skal vere klar over at universitetet, som eigentleg skal vere ein stad for nytenking, ofte er svært systembevarande. Dette har prega debatten. Det er som Søren Kierkegaard seier: "Alle vil utvikling, men ingen vil forandring."
Strukturelle problem
Stig Ekman ved Chalmers peika på strukturelle problem som universiteta møter i åra som kjem: Forventingane til output aukar medan input (pengar) minkar. Rektor Pallesen er samd i at finansieringa vil kunne gje strukturelle endringar i Akademia.
- Det vil nok kunne føre til at pengestraumen vert konsentrert om færre universitet. Vi ser den tendensen i både USA og Storbritannia. Ikkje alle universiteta får like mykje pengar. Vi vil nok sjå dette også i andre europeiske land.
Han minner likevel om at alt ikkje handlar om pengar: Mykje kan ein få til gjennom effektivisering.
- Ein meir effektiv organisering, som vi har fått her ved DTU, har mellom anna medført at vår science citation har gått monaleg opp. Men ein må satse på den gode forskinga. Det kjem ikkje noko godt ut av å gje meir pengar til dårleg forsking. Ein må ha mage til å skilje seg av med dei dårlege forskingsmiljøa. Her må ein ta ein del tøffe avgjersler.
- Teknologisk forsking skapar verdi
Pallesen minner om at samfunnet i aukande grad vender seg til universiteta for å finne kjelder til velferd og verdiskaping.
- Då vil eg seie at det er ikkje likegyldig om vi talar om teologisk, humanistisk eller teknologisk forsking. Teologisk forsking skaper ikkje verdi - definert som pengeverdi. Slik forsking er det viktig å ha, og eg er slett ikkje imot den: Men kvar gong du brukar pengar på forsking på humaniora og teologi, så brukar du bare pengar, medan kvar gong du brukar pengar på teknologi og naturvitskap, så får du resultat som gjev avkastning. Då får du meir pengar attende, enn du putta inn. Derfor er det avgjerande, ikkje bare kor mykje pengar ein brukar på forsking, men korleis ein fordeler pengane mellom ulike typar forsking.
Av Tore Oksholen MELLOM STAT OG MARKNAD 1: AS-universitetet finst i Göteborg MELLOM STAT OG MARKNAD 2: - Fram for inkompetanse MELLOM STAT OG MARKNAD 3: All makt til rektor
|