MELLOM STAT OG MARKNAD: - Fri marknad erstattar fri forsking
(21.4.03, 23:10) - Den danske regjeringa har som strategisk mål å endre universiteta slik at dei møter industriens behov. Men det gagnar ikkje forskinga. Det er Jørgen Øllgård som oppsummerar situasjonen slik. Øllgård leier det redaksjonelle arbeidet i danske Forskerforum, som i eigarform og profil er nokså likt sitt norske systerorgan.
Øllgård er sosiolog av bakgrunn. I 2001 gav han ut boka "Magten og universitetet," som handlar om spelet rundt privatiseringa av Danmarks Tekniske Universitet (DTU). DTU vart gjort om til ein stiftelse gjennom ei særlov. Innhaldet i denne vert nå gjort gjeldande for heile det danske Akademia i ei ny universitetslov.
|
Styret ved eit universitet som for to år sidan vart gjort om til ein privat stiftelse - Danmarks Tekniske Universitet. Men rektor har mest makt. |
Auka konkurranse
Stig Ekman, leiar for Stiftelsen Chalmers, seier at universiteta kan bli den neste konkurranseutsette sektoren. Samfunnet krev meir, men vil samstundes gje mindre attende.
Også rektor Lars Pallesen ved DTU viser til hardare konkurranse om ressursane universiteta imellom, nasjonalt som internasjonalt.
Det er i dette biletet at Øllgård ikkje er i tvil om at den borgarlege regjeringa i Danmark har ein overordna strategi for korleis dei vil ha universiteta. DTU har hatt ein viktig funksjon i å opne opp universiteta for det private næringslivet - og nå kjem dei andre etter.
- Globaliseringa verkar inn
Næringslivet treng tenestene Akademia kan tilbyde, men vil ikkje betale rekninga, er Øllgårds bodskap.
Bortsett frå tre-fire av dei største industriselskapa, har ikkje danske verksemder tradisjon for å halde seg med eigne FoU-avdelignar. Slik har ein mykje sams med Noreg.
- Den pågåande globalieringa har endra rammevilkåra for næringslivet. Ein søker nye kjelder for verdiskaping. Det er her universiteta kjem inn. Dei kan by på kommersiell utnyttbar forsking, seier Øllgård.
- Men kan dei ikkje gjere det i dag?
- Moglegheitene er avgrensa. Ei stor hindring er kravet om fri og publiserbar forsking. Alle resultat skal i prinsippet gjerast tilgjengeleg for alle, og det skapar problem for næringslivet, seier Øllgård.
Ved å reorganisere universitets- og høgskulesektoren slik at den kan fungere som FoU-avdelingar for næringslivet, aukar ein deira evne til å følgje med i den globale konkurransen. På det viset nyt næringslivet godt av statlege FoU-subsidiar, seier Øllgård.
Denne prosessen er ikkje avgrensa til Danmark.
|
Jørgen Øllgård. |
Skape vekst
I formålsparagrafen til den nye danske universitetslova står det mellom anna at universitetas resultat innan forsking og utdanning "skal bidrage til at skabe vekst, velfærd og udvikling i samfundet."
- Spørsmålet om dette inneber at forskarar på lågprioriterte område bare kan sparkast, seier Øllgård. Rektor Pallesen seier på si side at ein må kunne kvitte seg med dårlege forskarar og lågprioriterte forskingsmiljø
Treng ikkje høyre på tilsette
Det er i denne samanhengen endra styringsform vert viktig, meiner Øllgård.
I den opphavlege "Dandylova" er det ikkje noko krav om at dei tilsette skal høyrast. Når rektor får all makt, og rektor vert tilsett, har ein fjerna hindringar i systemet – til dømes protesterande vitskapleg tilsette – slik at forskingsmiljø kan leggast ned og opprettast etter som marknaden krev det.
Tre forskingsråd
Også den statlege forskingsfinansieringa er i endring, for å møte krava som mellom anna det private næringslivet stiller.
Det danske forskingsrådet vil bli delt i tre, eitt for grunnforsking (Danmarks Grunnforskingsråd) eitt for forskarinitiert forsking (Det Frie Forskingsråd) og eitt politisk initiert råd (Det Strategiske Forskingsråd). Dei tre råda vil vere utan innbyrdes samanheng.
- Spørsmålet er kva for eit av desse råda som får den beste finansieringa, seier Øllgård, og peiker på det siste som ein mogleg vinnar i den framtidige budsjettkampen. Det er her den forskinga som næringsliv og politikarar ønskjer seg, blir sett i gang.
Av Tore Oksholen
Dette er femte og siste artikkel i denne serien.
|