MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

ENDELIG TIRSDAG:
Opp av askehaugen (6.5.03, 22:28)

Må ein absolutt bygge opp att trehus på branntomta i Nordre gate?

Om lag 200 menneske miste jobbane sine då tomta i krysset Nordre gate/Thomas Angells gate brente ned i vinter. Uerstattelege verdiar gjekk tapt. Kva skal ein ha i staden? Tre eller betong, høghus eller låghus? Eller park, eller P-hus?

"Endeleg tirsdag" er debattkafeen Trøndelag Teater og NTNU arrangerer saman for å sette aktuelle spørsmål på dagsordenen. Denne kvelden var temaet lagnaden til branntomta.

Nostalgikarane vil at ein skal bygge kvartalet opp som det var. Andre ser dette som eit høve for å skape noko heilt nytt.

Samstundes er det sterke pengeinteresser inne. Dei som eig tomta, vil gjerne drive næringsverksemd som gjev pengar i kassa.

Det rauk av tirsdagskveldens debatt kring bruken av branntomta i Trondheim sentrum.
"Tenn på"
Arkitekt og hobbysongar Torfinn Carlsen opna kvelden med den gamle revysongen "Tenn på" frå ei Ukarevy for nokre tiår attende. Carlsen framførte sjølv songen første gongen.

Fire debattanter var kalla til å svare på debattleiar Tron Soot-Ryens hovudspørsmål: Kven skal bestemme kva som skal vere på tomta? Kommeunepolitikar Rita Ottervik var folkets utsende, medan Nils Nakstad representerte eigarane.

Frå NTNU stilte professor Birgit Cold og førsteamanuensis Helge Solberg, begge frå Institutt for byggekunst, prosjektering og forvaltning.

I debatten som følgde, var det med ein gong klart kor frontlina går: "Folk flest" vil ha det som det var, medan arkitektstanden ser på askehaugen som jomfrueleg mark for arkitektoniske nyhende.

Kjensler og interesse
Birgit Cold: - Lekfolk er mest styrt av sin kjenslemessige reaksjonar til omgjevnadene. Dette går i første rekke på å kjenne seg att. Ekspertane er meir styrt av sin interesse for form og konstruksjon. Ein ventar av ekspertane at dei gjev ein fagleg vurdering og ikkje forlit seg for mykje på kjensler, sa Cold, jamvel om ho også synest at lekfolks meiningar skal ha noko å seie: Som eit barn kan sjå at keisaren ikkje har klede på, kan lekmannen også sjå det likeframme.

Arkitektprofessor Cold poengterte likevel at ein må ha respekt for fagfolk som har nytta sitt vaksne liv til å forstå sitt fagfelt:

- Lekfolk likte ikkje Picasso eller ein Stravinsky i førstninga, men dei vendte seg til det nye etter kvart.

Tettare utan brann
Og korleis Trondheim ville vore om det aldri brente her? Då trur ekspertane at vi ville hatt mykje tettare husvekst, og mykje meir trehus, sa Helge Solberg, og la til:

- Det er ein del hus som ville fylt meg med glede om dei brente ned...

Ottervik var klar på at det som vert sett opp på branntomta, må vere laga av tre. Trondheim er ein treby, og slik skal det fortsette å vere, slo ho fast. Så slo ho fast at lekfolka skal vere tungt inne i debatten om kva ein skal gjere.

Professor Cold meinte på si side at dette med tre/ikkje tre ikkje er så viktig.

- Folk er meir oppteken av korleis lys og skugge spelar langs fasadane. Ved tre er det slik at ein ser skuggen langs kvart eit trebord. Det er slikt som er viktig, ikkje om materialet faktisk er av tre, og det er slike tankar som det er opp til ekspertane å fortolke og ta med inn i skapinga av det nye, meinte Cold.

Feilsteg
Solberg åtvara mot arkitektoniske feilsteg. Trebygningen som vart sett opp på branntomta etter restaurant Trubadur, då den brente ned, er ikkje spesielt vellukka, sa han.

Møteleiaren spurte så arkitekten om han nokon gong har sett eit vellukka kjøpesenter, arkitektonisk sett. Det låg ei forventning om at svaret ville bli nei, men arkitekten repliserte med å vise til Byhaven: Det går an.

Nakstad presiserte at ein kjem til å ta seg god tid.

- Dei fire arkitektmiljøa som er med i konkurransen har fått forlenga tidsfristen, til 30. mai. Når vi har fått forslaga i hende, startar moroa. Og vi har ikkje sagt noko endeleg om nokon tidsfrist for denne prosessen, som skal vere prega av dialog, forsikra Nakstad.

Av Tore Oksholen

Bakgrunnsinfo om "Endelig tirsdag"-møta finn du her.