Jan M. Øverli: Optimist på papiret
(28.4.03, 10:37) Han er optimist på papirets vegne, Jan M. Øverli. Men sjølv ikkje optimistar lever på kjærleik og luft åleine. Den 12. mars i år fekk dei tilsette ved Papirindustriens forskingsinstitutt (PFI) vite at dei fire store medlemsverksemdene ikkje vil forlenge den såkalla inntektsgarantien som dei gav i 2001. I praksis betyr det at halvparten av inntekta til instituttet fell bort, og at framtida for dei tilsette vert svært utrygg.
|
Det er usikre tider for Jan M. Øverli og dei andre PFI-tilsette no om dagen. |
Det er ikkje meir enn fem år sidan PFI vart flytta frå Oslo til Trondheim, til store protestar frå dei tilsette den gongen. NTH-professoren Jan M. Øverli vart kalla inn og sendt til Oslo to år før, for å vere flyttesjef. Han tok jobben som administrerande direktør under føresetnad av at instituttet vart flytta hit til Trondheim.
To vart med flytteasset
Bare Øverli og ein par tilsette vart med flyttelasset til Trondheim. Ein blei nøydd til å byggje opp ein ny stab frå børjan av, med unge folk som trong tid til innkjøring i sine nye jobbar. Derfor var det svært viktig å få ein forsikring om jamt tilsig av inntekter i den første fasen. Det fekk ein gjennom inntektsgarantien.
Med denne garantien var PFI sikra oppdrag frå papirindustrien for 27 millionar kroner i året. Budsjettet var i fjor på 34 millionar. Men alt godt tek slutt. På styremøtet i mars informerte styreleiar Georg Carlberg om at dei fire store ikkje ville vidareføre denne garantien. Dermed kan dei 38 tilsette miste jobben (32 fast tilsette og seks studentar), om det går som verst.
Øverli er ein ihuga optimist - men ein bekymra optimist.
- Det er tøffe tider, som tærer på oss alle.
- Kor sannsynleg er det at PFI overlever?
- Det er for tidleg å seie noko konkret om det nå. Vi har eit styremøte 16. juni, kor ting venteleg fell på plass, seier Øverli.
Kan bli lagt ned
PFI kan gå ein av tre sannsynlege lagnader i møte: Instituttet kan bli lagt ned, eller det kan bli gjort om til eit mindre institutt i eit utvida samarbeid med eit nordisk institutt. Det tredje alternativet er at det vert omdanna til eit uavhengig forskingsinstitutt av same slag som Sintef.
Øverli er sjølv tilbakehalden med å kritisere eigarene si avgjersla. Norske Skog har den tyngste labben på rattet i PFI-styret, og under Jan Reinås si leiing er milliardkonsernet travelt oppteke med å flytte det ein kan av verksemda si lengst mogleg vekk frå Noreg.
|
Det er kanskje ikkje så merkeleg at direktøren for Papirindustriens forskingsinstitutt helst hadde sett at dette intervjuet vart prenta i ei papiravis. |
Ein som ikkje tregar på å seie ope kva han meiner, er sjefredaktør Karl Jørgen. Gurandsrud i bladet Skogindustri, som i siste leiar karakteriserer avgjersla som "Kynisk kortsiktighet".
Sjølv seier Øverli dette om avgjersla:
- Eg synest ikkje den er noko uttrykk for langsiktig, strategisk tenking.
Avlegs?
- Du vert nå intervjua av ein avis som ikkje lenger kjem ut på papir. Er ikkje papiret i ferd med å bli avlegs?
- Eg synest som mange andre at det er svært synd at Universitetsavisa ikkje kjem ut på papir. For øvrig vil eg seie at det der med "papirets død" er svært overdrive. For å seie det forsiktig.
Er det ikkje farleg med slike garantiar som dette - det kan lett bli ei sovepute?
- Om ein er garantert inntekter i alle høve, kan det bli ei sovepute, og det er ikkje bra. Men vi treng stabile oppdragsgjevarar for å kunne drive sunt på lang sikt.
- Kva gjer du dersom PFI blir lagt ned?
- For min del er situasjonen den at eg er 64 år til hausten, og i alle høve ikkje kjem til å fortsetje i denne stillinga så svært lenge. Men for dei tilsette ved instituttet tykkjer eg det som skjer er svært trist. Men vi gjev ikkje opp.
Tekst og foto: Tore Oksholen |