MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Sparer 7 mill. på flyavtale (25.5.03, 23:02)

NTNU sparar nesten sju millionar kroner i året på at dei tilsette nytter Norwegian i staden for SAS på innanlandsruter. Samstundes opnar ein eigen nettportal for tenestereiser.

Visste du at ein fullpris flyreise med SAS Trondheim-Oslo tur-retur kostar 1.700 kroner meir enn tilsvarande billett med Norwegian? Når ein veit at NTNU-tilsette til saman tek ut om lag 4.000 slike reiser i året, ser ein at den totale differansen ligg på 6,8 millionar kroner på reiser innanlands.

HUSKELAPP FOR GLEMSKE NTNU-ARAR: Slike merke skal flyet du reiser med ikkje ha.
Unnatak
Dette talet kan likevel ikkje omsetjast i praksis - i alle høve ikkje fullt og heilt: Det finst tilfelle kor det er legitimt å framleis reise med SAS i jobbsamanheng. Det finst tre kategoriar unnatak:

  • Når Norwegian ikkje flyg på den aktuelle strekninga,
  • dersom bruk av Norwegian medfører at ein må sitje og vente over ein time,
  • når det er tale om ein innlanladsreise som er knytt saman med flyreise ut av landet. Ein skal sleppe å bytte selskap.

    Illojalt?
    Førstekonsulent Olav Holden i Økonomiavdelinga har hatt ansvar for å forhandle fram avtalen med reisebyrået "Via Flyspesialisten". På spørsmål om tilsette har eit påbod om å nytte Norwegian dersom mogleg, svarar han at slik er det ikkje.

    - Vi trur tilsette vil gjere det som er fornuftig. Dette handlar om å vise lojalitet til NTNUs rammeavtaler.

    - "Lojalitet" seier du - er det å nytte SAS når ein heller kunne reist med Norwegian å rekne som illojalt?
    - Det er å dra det for langt. Men ein må kunne vente at tilsette tenkjer på organisasjonsens beste.

    Holden legg til at sjølv om NTNU er flinke til å nytte Norwegian-avtalen, har ein framleis eit vesentleg potensial for forbetring.

    ...men desse flya kan du trygt gå ombord i.
    Ny portal
    Det vert no oppretta ein ny nettportal til bruk for tenestereiser for tilsette ved NTNU og Høgskulen i Sør-Trøndelag. Denne portalen er gratis å bruke. Men den har sine begrensningar: Til dømes er ikkje dei billegaste flyreisene med Norwegian tilgjengele frå denne portalen. Då må ein inn på flyselskapets eigen portal. Det er Norwegian som vil ha det slik, seier Holden.

    - Vanlege rabattilbod er tilgjengeleg via portalen, men det hender flyselskapa legg ut ekstraordinære tilbod bare på sine eigne heimesider.

    Ved uttesting av bestillingssystemet oppdagar vi at vi ikkje får oppgitt pris før etter at reisa er sendt til bestilling. Dermed er sida ueigna for dei fleste reiser kor ein sjølv må betale for reisa. Også for tilsette som gjerne vil hjelpe arbeidsgjevar å spare pengar, er dette til ugunst.

    Det er Holden samd i.
    - Vi er merksam på problemet, og jobbar med det, er alt han vil seie nå.

    Overflødig?
    Det er ikkje gratis å bruke reisebyrå. Holden fortel at Via Flyspesialisten tek inn om lag ein million kroner i året i ulike gebyr på reiser både i og ut av Noreg.

    - Var det ikkje betre om dei tilsette bestiller reisene sine sjølve over nettet?
    - Du kan vere rimeleg trygg på at vi sparar inn den millionen, og vel så det. Vi greier for det første ikkje å finne like billege reiser rundt om i verda som byrået kan. For det andre er det mykje mikkmakk med slike kompliserte reiser som går om ein rad flyplassar, med hotell osb. Då er reisebyrået godt å ha.

    Av Tore Oksholen

    Via Flyspesialistens "kundelounge".
  •