MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Assistanse for samfunnsvitarar i naud (28.5.03, 08:54)

Kva gjer du som oppdragforskar når den som sit på pengesekken, vil noko du ikkje vil? Kan hende får du hjelp her.

- Oppdragsgjevarar som vil nytte forskingsresultat på ein måte som forskaren kjenner etisk ubehag ved, er ein sentral problemstilling i kurset vi nå tilbyr, seier Micheline Egge Grung i Den nasjonale forskingsetiske komité for samfunnsvitskap og humaniora NESH.

- Forskarar er under auka press, seier Micheline Egge Grung.
Foto: Lise Ekern
Ope for alle
Grung er prosjektleiar for eit nytt nettbasert tivektalsemne i forskingsetikk for samfunnsvitskap, humaniora, juss og teologi.

Kurset er mest for forskarar som ønskjer å vidareutdanne seg innan forskingsetikk, men er ope for alle. At ein nyttar nettet, inneber at ein kan følgje det frå heile landet.

Etisk standard?
Dette er første gongen ein etablerer eit etikkurs innan desse fagområda. Den tilsvarande komiteen innan medisin har hatt eit tilsvarande kurs gåande i eit og eit halvt år.

Grung seier at ein ikkje har grunnlag for å tru at den etiske standarden mellom forskarar er dårlegare i dag, men:

- Oppdragsforskingsrapporten vår frå i fjor viser at forskarar er under eit aukande press.

Derfor er det viktig å ha fokus på desse spørsmåla, seier ho.

- Å vera forskar er å utøve ein profesjon, og då må ein vere etisk medviten. Dette er eit tilbod til forskarane om å bli det.

Uønska resultat
- Kva er det største forskingsetiske problemet i dag?
- Det er så ymse. Vår rapport kan tyde på at ei sentral problemstilling er oppdragsgjevarar ikkje ønskjer å få publisert uønska resultat. Men så er det mange forskarar som ikkje driv oppdragsforsking. Generelt er det slik at i alle fagfelt har ein spesifikke problemstillingar.

Ved sidan av å gje deltakande forskarar kompetanse til sjølve å undervise i desse spørsmåla, er ambisjonen til kurset å gje deltakarane høve til å reflektere kritisk over eiga forsking.

- Vi håper at kurset kan ruste den einskilde forskar til å møte slike etiske problem i praksis, seier Micheline Egge Grung.

Av Tore Oksholen

Her kan du lese meir om kurset.