08:00 - Dei stressar oss opp, held oss på tå hev. Det er bra.
(15.5.03, 20:13) Sjukehussjefen har sitt fjortendaglege kontaktmøte med fagforeiningane ved sjukehuset. Han er sekundert av administrasjonssjefen Helga Fosse Hegrenæs. Dei tillitsvalde er mange, men i dag er ein del borte frå jobben, så ni kvinner og to menn har møtt fram. Han fortel frå eit besøk ved Haukeland sjukehus i Bergen: Om ein observasjonspost som er lukka nokre timar kvar ettermiddag, slik at dei tilsette er tvinga til å skrive pasientane ut. Og han fortel at ein der har teke i bruk SMS-meldingar for å minne pasientar om at dei har time til poliklinikk. (Her går mykje verdfull tid tapt når pasientane ikkje møter fram.)
Så fortel han at han har bestemt at St. Olavs skal opne ein ekstra sengepost i sommar. Den skal avlaste kommunen som ikkje greier å ta imot ferdigbehandla pasientar. Ein får tenke pragmatisk, på kva som er best for pasienten, ikkje ri prinsipp om kven som har det formelle ansvaret, er hans oppfatning.
|
08:50: På veg til første møte. |
Sjefen gjer klårt at dei tilsette vil få endå meir å gjere i hektiske sommarmånader. Eg tenker: No vert det bråk. Men nei - forsamlinga nikkar ettertenksamt. Ingen har piggane ute.
Så fortel han at dei finansielle rammene for heile sjukehusprosjektet skal utvidast frå 10,3 til 10,5 milliardar kroner. (Han seier først millionar, men vert kjapt korrigert av ei forsamling som lyttar konsentrert.) Tidshorisonten er år 2020. Differansen på 200 millionar vil mest gå til fleire sjukehussenger: For om tolv-femten år veltar eldrebølgja over oss, då tek barnekulla frå dei første etterkrigsåra til å bli gamle og sjuke.
- Ein må tenke langt fram, seier Arntzen.
Deretter fortel han at departementet krev at han reknar på korleis han vil bruke pengane dersom han får så-og-så mykje mindre å rutte med. Men sjølv er han overtydd om at dette ikkje er anna enn tankeøvingar. Han går etter 10,5. - Departementet tenker at "det er sikkert ein eller annan stad kor dei kan spare pengar." Dei stressar oss opp, held oss på tå hev. Det er bra, det er der vi bør vere, fortel han forsamlinga.
Ein diskuterer organisasjonskart. Kor mange leiarar på ulike nivå har sjukehuset? "Teikn eit kart som stemmer med røynda," seier han. Ei avdeling med 70 tilsette kan ha bare ein formell sjef. Men finst det folk som i realiteten fungerer som mellomleiar, som er den ein vender seg til, til dømes på natta, når noko skjer som krev ei rask avgjersle? - Nattavdelingssjukepleiar, svarer ein. - Ja vel. Få ho inn på kartet, seier Arntzen.
- Om dette kartet viser at vi har for mange sjefar, kva då? Vi må vite korleis det er, før vi kan få det slik det bør vere.
Dei tilsette klagar over at dei ikkje vert høyrt, og at når dei vert høyrt, får dei for korte fristar til å uttale seg. Ved eitt tilfelle fekk ein bare helga på seg. Arntzen vil at ting skal skje raskt. For raskt? Direktørens svar er dette:
- Dersom fristane er for korte, må ein vere så tøff at ein seier "dette vil eg ikkje vere med på."
På gangen, etter møtet, stoggar han opp saman med planleggingssjef for det nye sjukehuset, Anne Kari Steinsvik. Han tek opp noko som vart nemnt på tampen av møtet - sjansen for at ein kan leige ut rom på det nye pasienthotellet til folk som ikkje bør ha rom tett innpå pasientar eller pårørande. 09:45 - Skulle vi gå inn med kampanjar á la \"Blenda vaskar kvitare\"?
|