10:00 - Legar og sjukepleiarar nærer ein grunnleggjande mistillit til kvarandre
(15.5.03, 20:13) Det er kontaktmøte i arbeidsmiljøutvalet. Det kjem fram at legeforeininga ved sjukehuset ikkje ville utnemne ein ny representant for det lokale AKAN-utvalet. Arntzens svar er kort og greitt at det er opp til arbeidsgjevar om ein vil ha eit slikt utval, og korleis det skal fungere. |
Mellom barken og veden, også kalla legar og sjukepleiarar. |
Så blir det diskusjon om slike representantar bør bli oppnemnt etter profesjon. Er det slik at legar helst ikkje vil fortelje om sine rusproblem, om dei ikkje får tale med ein representant som også er lege?
Arntzen vil bort frå profesjonsoppnemning. Han ser ikkje poenget med det. Etterpå spør eg han om korleis det står til med profesjonskampen ved sjukehuset.
- Legar og sjukepleiarar - i kollektiv profesjonsamanheng - nærer ein grunnleggjande mistillit til kvarandre. Eg trur eg kan seie det så sterkt, sjølv om eg må leggje til at det nok finst ein del stader i landet kor dette problemet er mykje større enn hos oss. Men det dukkar opp med jamne mellomrom, ofte indirekte, som ein forstyrrande faktor i bakgrunnen, som du meir aner enn høyrer og ser. 11:30 - Det er forstemmande å sjå kor nøgde korridorpasientane er.
|