11:30 - Det er forstemmande å sjå kor nøgde korridorpasientane er.
(30.5.03, 10:48) Vi diskuterer ei brukarundersøking av sjukehusa i regionen. Arntzens kommentar gjer andletet mitt om til eit stort spørjeteikn. Han forklarer: |
Dei tillitsvalde lyttar konsentrert. ER sjefen flink nok til å ta dei med på råd? |
- Vi kan drive på med å gje pasientane einerom og betre mat, og personalet kan bli meir serviceinnstilt. Slike ting er viktige, og vi har klare mål her. Men: Saka er at du kan trille pasienten ut på korridoren, og personalet kan vere så sure som bare det - men det som betyr noko, er utsiktene til å bli friskast mogleg, eller i det minste ha eit godt tilvære med sjukdommen. Vi må ikkje bli så fokusert på faktorar omkring, at vi gløymer det pasientane er her for: å bli behandla for lidingane sine.
- Du har vore sjef for ei forskingsstiftelse, og nå er du sjef for eit sjukehus. Kan du vere leiar for kva som helst?
- Svaret er nei. Det er ein eigen filosofi som seier det, at leiarkompetanse er universell og at dersom du viser at du kan leie, er det underordna kva du er leiar for. Det trur ikkje eg på, seier han.
Men så talar vi litt meir om dette. Korleis kan ingeniøren Arntzen vere sjef for ein så profesjonsorientert organisasjon som eit sjukehus?
Arntzen er teknolog, og drifta av eit moderne sjukehus handlar i stor, og stadig aukande, grad om ny teknologi. Her er han på heimebane, og kan fortelje doktorane eitt og anna. Elles er Arntzen rimeleg overtydd om at han har nokre generelle eigenskapar som hjelper til. Evna til å kommunisere, til å lytte, er svært viktig. Så må ein ikkje vere redd for å setje seg inn i nye fagfelt, jamvel om ein er i godt vaksen alder.
- Det er ikkje så greitt når du må slå opp i ordboka for å finne ut kva "abdominal" er for noko.
|
Det er makt i dei folda hender. Men vaflar er også bra å ha. |
- Opplever du at spesialistane prøver å dupere deg med uforståeleg fagprat?
- Mjaa. Dei har i alle høve oppdaga at eg ikkje er redd for å spørje. Eg fryktar ikkje for å framstå som uvitande. Vi må jo alle lære. Dessutan har eg tillit til folk. Ein må ikkje vere redd for å gje folk ansvar. Det er eg svært oppteken av. Eg går ikkje rundt som ein overkontrollør.
Han minner om at det er mellomleiarane, dei som ligg på nivået like over golvet, sersjantsjiktet, som er dei leiarane sjukehuset ikkje greier seg ein dag utan.
- Eg kan dra på ferie i 14 dagar, og ingen legg merke til det. Men om dette sjiktet av leiarar brått blir borte, stoggar alt opp tvert.
Sjukehuset er i ferd med å avslutte ei arbeidsmiljøundersøking. På første møtet den dagen kom det fram at svarprosenten er på 52 prosent. - Håplaust dårleg, sa ein. Arntzen sa klart ifrå om at slik negativisme greier ein seg godt utan. I staden må ein sjå på korleis ein kan få fleire til å svare, seier han, før han kjem med følgjande åtvaring.
- Det er absolutt forbod mot å seie etterpå at "dei som ikkje svarte, meiner sikkert noko anna." Dei som ikkje svarte, svarte ikkje, punktum. Vi tek omsyn til dei som svarte.
Etterpå spør eg han om kva han trur er årsaka til at ikkje fleire har svart. Ei tilsvarande undersøking frå Sintef gav ei svarprosent på om lag 70.
- Det kan dreie seg om ei kjensle av avmakt - at her kjem det ein ny sjef og trur han skal snu opp ned på alt, men alt vert ved det same likevel. Ingenting nyttar. Vi må verkeleg jobbe med det psykososiale miljøet ved sjukehuset.
Målet er å få ned sjukefråveret med to prosent. I dag er det på åtte til ni prosent, og det meiner Arntzen er altfor høgt. 12:30 - Det kan bli skikkeleg jævlig, Arntzen!
|