12:30 - Det kan bli skikkeleg jævlig, Arntzen!
(15.5.03, 20:13) Overlegane Sven Erik Gisvold og Hans Stensvik har bede om hastemøte for å varsle om ein kritisk personellmangel om ikkje noko blir gjort. I ein periode vil ein i praksis ha to sjukehus gåande, eit nytt og eit gamalt. Samstundes gjer sentermodellen at ein treng meir nøkkelpersonell. Spesielt gjeld dette akutteamet på kvelds- og nattetid. Gisvold vil aller helst ha knesett prinsippet om at det berre skal vere eitt slikt senter utafor vanleg arbeidstid. Men han veit samstundes at han ikkje vil få aksept for det, mellom anna fordi ein ved akutte keisarsnitt ikkje har tid til å flytte den fødande kvinna til eit slikt senter. Avstandane mellom einingane i det nye sjukehuset vert for store.
|
Sven Erik Gisvold (i midten) og Hans Hynne varslar ei kommande krise. |
Dessutan sit det mange kongar (les: overlegar) som ikkje har tenkt å abdisere frå sine respektive haugar.
Dette er røynda: Ein treng 15 nye anestesilegar og 30 nye anestesisjukepleiarar om to år. Elles er det krise. Kva har så hr. direktøren tenkt å gjere med det?
Han slår ut med hendene, og minner legane om heilskapen - det er mangel på denne ekspertisen i landet, og dersom Trondheim støvsugar marknaden for slike, kan det bli desperat mangel ein annan stad.
Dei diskuterer, og er samd om at folk sørfrå ikkje blir verande her, så dei må utdanne sine eigne. Det tar tid.
Gisvold tek skikkeleg sats til slutt: - Dersom vi ikkje får dei anestesiressursane vi treng, blir det skikkeleg jævlig å jobbe her. 13:00 - Ein skal knas godt for å bli mør.
|