13:00 - Ein skal knas godt for å bli mør.
(15.5.03, 20:13) Tida vår er snart ute. Arntzen skal sitje på kontoret nokre timar. I ettermiddag er han invitert på middag med representantar frå ei dagsavis med sete på Heimdal. I kveld har han direktørmøte i Helse Midt-Norge i Stjørdal. |
Planleggingssjef for nytt sjukehus, Anne Kari Steinsvik er ein sentral person i Arntzens arbeidsdag. |
St. Olavs Hospital er eit universitetssjukehus. Korleis går det med sambuarskapet?
Arntzen fortel at jo takk det går bare bra. I dag tidleg tok han heisen opp saman med medisindekanus Gunnar Bovim. Også administrasjonen ved Det medisinske fakultetet er no lokalisert i lag med Arntzen og staben hans.
- Bare fryd og gaman?
- Universitetsklinikken og vi har til saman om lag ti milliardar til disposisjon for utbygginga, og det er frykteleg mykje pengar. Det er klart at ein skal knas godt for å bli mør. Men det integrerte universitetssjukehuset står fast, og dette skal vi greie. Tilbake til innleiing.
|