NTL-medlemmer vil ikkje ha aksjeselskap
(1.6.03, 19:21) Medlemmene av Norsk tenestemannslag ved NTNU er sterke motstandarar av å omdanne offentlige verksemder til aksjeselskap og til å åpne for meir konkurranse. I ei spørjeundersøking har NTL-medlemmane mellom anna svart på kva dei meiner om modernisering av offentleg sektor. NTL er, ved sida av Forskarforbundet, den største fagforeninga ved universitetet.
Ein klar majoritet er klart negative til ei "AS-infisering" (som rapporten skriv) av offentleg sektor; og dei er svært villig til å ta i bruk streikevåpenet dersom det trengst for å verne eigne interesser. Og dei er jamnt over negative til å setje delar av produksjonen ut for konkurranse.
På den andre sida meiner dei at det er behov for auka produktivitet i offentleg sektor. Og dei synest at offentleg sektor skal bli betre tilpassa brukarane (oss alle).
Skepsis minkar med auka utdanning
Når ein studerer tala nærare, ser ein at medlemma er meir innstilt på konkurranseutsetjing jo høgare utdanning dei har. Dette vert fortolka som at det er frykta for eiga arbeidsplass som kjem fram: Det er helst manuelle og rutineprega oppgåver, som krev låg utdanning, som er mest utsett for konkurranseutsetjing.
Samstundes seier mange medlemmer at dei har lite kunnskap om kva for konsekvensar modernisering av offentleg sektor kan få. Her har mao. både tillitsvalde og universitetsleiing ei oppgåve å fylle.
Kvar femte svarte
Det er NTL/forening 92 og NTL Fylkesutvalet i Trøndelag som står bak undersøkinga. Om lag 20 prosent, eller 148 av ca. 700 medlemmer, svarte på spørjeskjemaet som vart sendt ut i fjor haust. Dei eldre har høgare svarprosent enn dei yngre medlemmene, og dei med høgare utdanning svarar oftare enn dei med låg utdanning. Frie av ti respondentar erl eller har vore, tillitsvald.
Rapporten er ført i pennen av høgskulelektor Ove Gustafsson, Høgskulen i Sør-Trøndelag.
Av Tore Oksholen Rapporten frå undersøkinga finn du her.
|