MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

- Alle tener på samanslåing (2.6.03, 16:05)

NTNU-professor foreslår samanslåing mellom NTNU og Høgskulen i Sør-Trøndelag. - Eg er glad for at utspelet denne gongen kom i frå NTNU, seier rektor ved HiST, Torunn Klemp.

Professor Svein Lorentzen ved Program for Lærarutdanning, NTNU, hadde mandag på trykk ein kronikk i Adresseavisen kor han tek til orde for samanslåing mellom NTNU og Høgskulen i Sør-Trøndelag (HiST). Det synest Klemp er ein god idé.

Klemp: - God idé.
- Har sagt det før, at vi bør ha eit mykje tettare organisatorisk samarbeid mellom dei to. Vi har parallelle fagmiljø, som har ein god del kontakt, men den kontakten funne vore mykje betre utnytta.

Ikkje redd for å bli slukt
Du er ikkje redd for at HiST skal bli slukt ved ei slik samanslåing?

- Kvifor skulle vi det? Vi har i dag om lag 8.000 studentar, og det er mange. Vi står godt på eigne bein Dessutan har vi bygd opp gode profesjonsutdanningar. Men det viktigaste er å bygge opp ein god kompetanse slik at vi blir interessante for potensielle samarbeidspartnarar, seier Klemp.

Vil HiST vurdere å bli eige universitet?

- Vi ser ikkje plass for to universitet i Trondheim. Men det kan bli aktuelt å søke om status som vitskapeleg høgskule, eventuelt saman med Høgskulen i Nord-Trøndelag. Vi samarbeider også godt med andre utdanningsinstitusjonar i landet.

Hauge: - Ikkje nå.
Ligg det ein trussel her - at om NTNU og HiST ikkje vert samarbeidspartnarar, kan HiST i sterkare grad bli ein konkurrent?

- Eg vil ikkje nytte ordet "konkurrent". Men det er uaktuelt for oss å stå med lua i handa. Det er ikkje slik ein utviklar eit fruktbart samarbeid.

Møreuniversitet
Sjansen er stor for at vi om få år får dobla talet på universitet i landet. Høgskulane i Bodø og i Stavanger jobbar intenst med saka. Høgskulane i mørefylka søker tettare samarbeid. Eit eige Møreuniversitet kan sjå dagens lys om nokre år.

I denne situasjonen er det viktig at utdanningsinstitusjonane har i minnet kva som tener Midt-Norge, seier HiST-rektoren.

- Over tid trur eg også NTNU vil sjå at det er i eigen interesse, for å sikre eigen, regionens, posisjon å innleie samarbeid med HiST og HiNT.

Ho legg til at det er ikkje bare høgskulen som vil tene på ei slik samanslåing: Også universitetet vil tene på synergieffekten det er å få slå desse fagmiljøa saman.

Hauge: - Ikkje aktuelt dei næraste åra
NTNU-rektor Eivind Hiis Hauge var ikkje tilgjengeleg for kommentar måndag. Hauge vart intervjua av "Høgskoleavisa" i nr 15 i fjor haust om emnet, etter at Studentparlamentet ved HiST gjekk inn for samanslåing av NTNU og HiST. Her sa Hauge mellom anna at han tvilte på om samanslåing var realistisk dei næraste åra.

"Men det er inga tvil om at samarbeidsrelasjonane styrker seg punkt for punkt og at vi har mange sams interesser. Det har skjedd så mykje dei siste åra, at vi eigentleg bør setje oss ned og sjå gjennom våre samarbeidsformer med høgskolen. Det kan hende vi må rydde opp litt, at vi må formalisere noko meir, og dermed skaffe oss ein meir komplett oversikt over omfanget enn vi har i dag", sa rektoren til Høgskoleavisa den gongen.

Av Tore Oksholen

Lorentzens kronikk i Adressa.
Høgskulestudentane går og inn for samanslåing.