| Noreg får truleg "grønt" universitet 
(10.6.03, 21:20) Det går mot samanslåing mellom Noregs landbrukshøgskule (NLH) og Noregs veterinærhøgskule (NVH). Dermed kan eit nytt "grønt universitet" sjå dagens lys. Det såkalla Norumutvalet foreslår nå å slå saman dei to vitskaplege høgskulane. Rapporten fra utvalet vart overlevert landbruksminister Lars Sponheim og utdanningsminister Kristin Clemet i dag, tysdag.
 Dermed får ein samla ressursane innan dei "grøne" områda, og sjansane for at ein får universitetsstatus med dette som spesiale, aukar. Landbrukshøgskulen søkte allereie i april i år NOKUT - Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen - om status som universitet.
 Oslo eller Ås?|  |  | Landbrukhøgskulen (t.v.) held til på Ås i Akershus, mens Veterinærhøgskulen sine lokaler ligg på Ullevål i Oslo. | 
 Men som i mange norske diskusjonar om institusjonsbygging og -samanslåing, får ein også her ein diskusjon om lokalisering. Skal den nye institusjonen liggje på Ås - eller i Oslo? Det som er klart, er at ingen vil flytte på seg.
 Utvalet har vore leia av professor emeritus og tidligare UiO-rektor Kaare Norum, og leverte ein førebels instilling i januar i år. Denne har vore ute på høyring gjennom vinteren og våren, og det er den endelege rapporten som nå vart overlevert statsrådane.
 - Viktig votumRektor Knut Hove ved NLH vil ikkje forskottere noko som helst enno om dette går i boks, men:
 - Det er i alle høve ein einstemmig komite som tilrår samanslåing, og eg trur det er eit viktig votum som departementet vil høyre på.
 - Når vil dette kunne skje?- Det vil venteleg kome signaler om dette ved statsbudsjettet til hausten.
 Grønt?Hove seier at spørsmålet om samanslåing ikkje vil ha noko å gjere med søknaden om å bli universitet, anna enn at det venteleg vil styrke søknaden.
 - Satsar ein nå på å bli Noregs grønne universitet?- Vi har nytta "Noregs biovitskaplege universitet" som foreslått tittel. Slik tenker vi slik NTNU tenker om dette. Og eg vil rette høvet til å sende ein takk til NTNU for å ha gått opp løypa, seier rektor Hove med eit smil.
 Av Tore OksholenHer finn du nettsidene til Noregs landbrukshøgskule. ...og til Noregs veterinærhøgskule.
 
 |