MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Thommessen hudfletter fagforeiningane (7.7.03, 08:40)

- Det mest påfallande ved heile diskusjonen om NTNU er fagforeiningane sin totalt manglande evne til å ta på alvor dei hovudutfordringane som styret peikar på. Kraftsalva kjem frå Christian H. Thommessen.

Ekstern representant i NTNU-styret Christian Thommesen har heile tida vore ein torn i auget på fagforeiningene. No kjem han med ein ny brannfakkel: - Fagforeiningane lukker augene for dei alvorlege utfordringene NTNU står ovanfor. Foto: NTNU-Info/Tore Oksholen
Thommessen er ein høgt profilert ekstern styrerepresentant ved NTNU. For mange fagforeningsfolk er Thommessen som ein raud klut. Tillitsvalde i både Forskarforbundet og NTL har sagt tydeleg i frå om at dei mislikar Thommesens syn på kva NTNU bør bli.

Thommessen på si side meiner at fagforeiningane lukker augo for dei utfordringane ein står ovanfor.

- Kritiske synspunkt på måten NTNU vert drive på, har eg og andre forsøkt å målbere i styremøtar. Men Forskarforbundet og andre fagorganisasjonar har møtt våre innvendingar med å vere øyredøyvande taus. Det synest eg er svært bekymringsfullt for debatten. Eg er skuffa og uroleg på NTNUs vegne over den totale ansvarsfråskrivinga dei fagleg tilsette syner når det gjeld å ta på alvor dei alvorlege problema vi står overfor, seier Thommessen.

- Stor NTNU-venn
Den eksterne styrerepresentanten viser til eiga røynsle når det gjeld verdiskaping og industriverksemd, og er ikkje i tvil om at dette gir han eit svært godt grunnlag for å vurdere problema han meiner NTNU står overfor.

Thommessen karakteriserer seg sjølv som ein stor venn av NTNU. Så når han refser institusjonen for ikkje å vere tilstrekkeleg på hogget når det gjeld å møte dei utfordringane som ligg der, er det for å byggje opp, ikkje bryte ned, presiserer han.

- Må sjå problema i augo
- Derfor er det synd og beklageleg om ikkje alle gode krefter er villig til å sjå problema i augo, seier Thommessen.

Kva for problem?

- Dei kan vi summere opp slik: Det er for lite leiing og for mykje demokrati; det er ikkje einskapleg leiing; og vi ser ein manglande evne til strategiske prioriteringar.

Dette siste går på å ikkje bare prioritere opp noko, men å prioritere ned noko anna. Å leggje til nye gode tiltak, er inga sak – det er å ta bort noko, å seie at dette skal vi ikkje lenger drive med, som er den store strategiske utfordringa, seier han.

- Sist, men ikkje minst, har vi ein struktur kor det er alt for lett å kome til junior-forskarstillingar, og kor det er alt for kort veg frå doktorgradstilling til professorat: Dessutan er professorlønene altfor låge, legg han til. Kort sagt: - Nålauget er for stort.

Thommessen presiserer at dette er ikkje kritikk han sug frå eige bryst, men innvendingar som kjem fram dels i ymse ekspertpanel sine evalueringar, dels i rapportar frå Forskingsrådet.

Unnlatingsynd
Ekstern styrerepresentant Thommessen meiner det ville vore ei stor unnlatingssynd om styret ikkje tok tak i desse utfordringane. Han poengterer at det er eit heilt samstemt styre som nå set føre seg å finne ein veg ut av uføret. Dei eksterne er ikkje åleine – dei har med seg representantane frå både vitskapleg som teknisk-administrativt tilsette.

- Her er det altså at fagforeiningane møter styrets initiativ med rungande stille. I staden for å møte oss med argument, tyr dei til rein personhetsing, hevdar Thommessen, og viser til kommentarar som har vore retta ikkje minst mot hans person: Som om at ein vil byggje eit slags ”blåruss-universitet” – noko han forsikrar om at han ikkje vil.

- Så er det dette at dei fagleg tilsette heng seg totalt opp i uttrykket ”for mykje demokrati.” Det vert ramaskrik, og all sakleg analyse går på dunken. Debatten vert vulgarisert, og, langt på veg, øydelagt.

Bråk
Du er sjølvsagt fullstendig klar over at du får fagforeingane på nakken med dei utsegna du kjem med her.

- Du har sannsynlegvis rett, men det vil vere skuffande om så skjer. Nå må ein prøve på å ta ballen framfor mannen, på å adressere problema, framfor å gå til åtak på den som formulerer problema.

Så du meiner at fagforeningane ikkje har gjort jobben sin her?

- Godt forsøk, Oksholen – men eg trur eg har sagt nok i så måte. Poenget er at vi skal ta vare på dei gode sidene ved universitetsdemokratiet.

Som er…

- La meg seie det slik: God forsking fordrar ein ikkje liten grad av akademisk fridom. Problemstillinga må då bli korleis ein skal greie å hegne om denne fridomen, samstundes som ein lirkar universitet i ønska strategisk retning. Dette er eit stort dilemma.

Akademiske fridom
Thommessen meiner at spørsmålet om val/ikkje val av leiarar har fått altfor stor merksemd. Universitetsdemokrati handlar om mykje meir enn dette, seier han, og viser til kor naudsynt det er med akademisk fridom for å få til god forsking.

- Igjen vil eg attende til NTNUs enorme behov for strategisk omstilling. Om NTNU ikkje tek dette alvorleg, risikerer institusjonen å bli marginalisert i åra som kjem. Dette handlar altså for ein stor del om å satse meir på nokre ting og mindre på andre.

Mest meir pengar
Konkret viser han til at NTNU sannsynlegvis er den organisasjonen i Norge – statleg som privat – som fekk tilført mest nye, friske pengar. Med 250 millionar i tilleggsbevillingar i 2003 fekk NTNU 9 prosent meir å rutte med.

(I praksis gjekk det meste til lønsauke, og mange meiner at det ikkje var til å kome utanom. Dette er ikkje Thommessen samd i.)

- 100 millionar burde vore sett av i ein eigen pott til strategisk satsing. Men med dagens leiingsstruktur var ikkje dette mogleg å få til. Eg trur at om fem år vil ein sjå attende på denne avgjersla som ein strategisk bommert.

Rektor i magen?
Dersom ein får gjennomslag for reformene i styre og stell ved universitetet, kan ein tilsett rektor bli henta utanfrå. Vi spør Thommesen om han ser seg sjølv som ein potensiell NTNU-rektor om nokre år. Det ser han på som heilt uaktuelt: Rektor må ha stor fagleg standing, med doktorgrad, og helst professorat. Det ekskluderer han som kandidat.

- Dessutan trur eg det er realistisk at rektor vil bli rekruttert internt i mange år framover enno.

Thommessen har vore borti mykje forskjellig gjennom åra, frå han var leiar for Media Vision AS ikring midten av åttitalet. Det gjekk ikkje bra.

Du har hatt leiarstillingar i næringsverksemder heile ditt vaksne liv – men alt du har tatt i, vart ikkje til gull?

- Eg er ein utprega endringsleiar, ikkje forvaltningsleiar. Alle dei stillingane eg har hatt, har medført vesentleg risiko, enten i form av sterk vekst, fusjoner, oppkjøp eller store omstillinger. Det er risikabelt å ta på seg slike jobbar. Heldigvis har dei aller fleste selskap eller verksemder eg har leia, utvikla seg veldig bra. Men unntaksvis har det ikkje lukkast. I utlandet blir jo slik røynsle sett på som ein kvalifikasjon.

Går du inn for at NTNU skal bli eit aksjeselskap?

- Før saka er vorten greidd ut, har eg inga klar oppfatning. Når det er sagt, ser eg klare fordelar ved ein slik organisasjonsendring. Likevel: Eg har inga klare preferansar i dette spørsmålet. Så vil eg seie at ein viktig faktor er opningsbalansen. Kor mykje pengar vil universitetet ha å rutte med ved etableringa? Til sjuande og sist heng mykje på dette spørsmålet.

Av Tore Oksholen