INTERNETT-AVLØYSAR PÅ VEG: Heile verda i ei maskin
(4.8.03, 15:05) Du kan like godt lære ordet først som sist: GRID. Danskar og svenskar har investert mange millionar, Storbritannia og USA milliardar. Medan vårt heimlege forskingsråd framleis sit på gjerdet. |
Ill.: www.hemera.com |
Draumen er å knytte alle verdas computarar saman til ein stor datamaskin. Prosjektet heiter Grid, og vil etter alt å døme avløyse dagens Internet.
- Nettet vi har i dag, vert mest nytta til å finne opplysningar. I framtida vil vanlege forbrukarar kunne få utført alle slags tenester, til dømes få rekna ut skatten eller planlagt ei reise - medan forskarar vil kunne få utført tunge utrekningar av ymse slag.
Det er professor Bjørn Hafskjold ved Institutt for kjemi som seier det. Han sit som ein av tre norske representantar i styringsgruppa for ein sams nordisk storsatsing i ”Nordic Data Grid Facility.” Prosjektet er i startgropa. Målet er å greie ut kva for utfordringar ein vil stå ovanfor, og kor satsinga bør setjast inn.
Webhotell
Når alle verdas datamaskinar er knytt i hop, vil dei kunne jobbe saman om å løyse svære problem som sjølv dei største superdatamaskinane ikkje har sjanse til å ta seg av. Konsekvensane vil du merke på så ymse vis. For privatfolk vil det bli mogleg å ”ha harddisken på hotell”: Du leiger datakraft, program og lagringsplass på webhotell ute i cyberrommet – der din personlege harddisk har teke plass.
Dermed treng du ikkje plage deg med vedlikehald, tryggingskopiering, og anna. Du er heller ikkje avhengig av å ha pc’en med deg – du kan logge deg på via ein terminal kor som helst i verda.
|
Professor Bjørn Hafskjold er vår mann i den nordiske Grid-satsinga. Han er også leiar for "Superledergruppa" ved NTNU.
Arkivfoto: NTNU Info |
Elektrisitetsnettverk
Namnet Grid kjem frå det amerikanske ordet powergrid - elektrisitetsnettverk. Det kan samanliknast med straumen: På same måte som vi er likegyldige med kor elektrisiteten kjem frå - bare han er der - kan det vere det same kor reknekrafta kjem frå, bare vi har ho.
Den danske avisa Politiken skriv at ein om eit par år reknar med å ha kopla opp mot kvarandre 10-15 000 pc’ar ved nordiske utdanningsinstitusjonar.
Professor Hafskjold forklarer at Grid er eit samleomgrep som kan delast vidare opp i DataGrid, Computational(bereknings)Grid og KunnskapsGrid. DataGrid går på deling av lagringsmedia, medan BerekningsGrid dreier seg om å late mange maskinar jobbe saman om same oppgåve. KunnskapsGrid nyttar, som ordet fortel, nettverket til å dele lærdom og kunnskap av alle slag.
Shareware
Organiseringa av nettverket kan liknast med måten musikk, programvare og anna vert gjort tilgjengeleg på via napster, kazaa, og andre. Men medan denne sharewaren er arrangert på eit ganske anarkistisk vis, vil eit slikt Grid-nettverk bli mykje strammare organisert og strukturert.
- Det største utfordringa ligg i organiseringa, fortel Hafskjold.
- Det dreier seg mykje om korleis ressursar vert delt: Om nokon vil dele noko mange vil ha, forventar ein å få eitkvart attende. Så kjem faktureringsrutinar, og mykje meir.
Noreg ligg etter
Enno er Grid heilt i startfasen. Mykje må greiast ut. Inntil vidare har ikkje Noreg sett av særskilte pengar, i motsetnad til nabolanda Sverige og Danmark: Det danske Naturvidenskabelige Forskningsråd har nett gitt 7,5 millionar, medan SveGrid har eit budsjett på 22 millionar. Storbritannia har satsa om lag ein milliard kroner, USA det mangedobbelte.
- Det norske forskingsrådet har så langt ikkje satsa noko. Noreg ligg etter i satsinga her, seier professor Havskjold.
- Men satsing på Grid er på trappene også i Noreg, forsikrar han.
Om fem år
- Kor er vi om fem år?
- Vanskeleg å seie. Eg trur det vil vere mykje meir vanleg å ha tilgang på - om ikkje ubegrensa, så i alle høve stor - datakraft i eige hus, på same måte som vi i dag har TV og radio. Skilnaden er at Grid er interaktivt, seier Bjørn Hafskjold.
Norske bustader blir etter kvart gjennomdigitalisert. Med eit globalt datanettverk vil den einskilde husstanden bli saumlaust integrert i omverda, gjennom at det ein sit på av datakraft, vert gjort tilgjengeleg for alle.
Av Tore Oksholen |