MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

DRAGVOLL-FADESANE:
Pressa organisasjon - fleire tabbar i vente? (31.7.03, 14:40)

NTNU vs. studentane: To små og ein stor tabbe hittil i år. HF-dekanus Petter Aaslestad seier vi skal prise oss lukkelege dersom det ikkje vert fleire i studieåret som kjem: - Arbeidet med Kvalitetsreformen pressar organisasjonen til det yttarste.

Det byrja i vinter, med ei rad HF- og SVT-fag som vart utegløymt i Studiehandboka. Ved dei to fakulteta slit dei enno med verknadane av at dei ikkje fekk ut informasjon om studia.

Den siste veka har HF-fakultetet drege på seg merksemd frå dei store avisene om tull og rot i informasjonen som går ut til nye studentar:

Petter Aaslestad avviser at han kjem med bortforklåringar når det gjeld HF-fakultetets siste tabbar.
Arkivfoto: NTNU Info/Rune Petter Ness
Først var det Adressa som kunne fortelje at Historisk institutt vert nøydd til å sleppe alle som vil, inn på masterstudiet til hausten. Årsaka er at ein var så seint ute med å gjere vedtak om at minstekravet var karakteren C, at kravet ikkje kom med i søkerhandboka.

Nokre dagar seinare kunne så Aftenposten fortelje historia om velkomstbrevet som ikkje var noko velkomstbrev likevel: Eit brev der det mellom anna vart ønskt ”velkommen til eit fakultet som gir deg eit breitt og allsidig program- og fagtilbod”. Så var det slett ikkje eit opptaksbrev, slik det såg ut ved første augekast - men eit generelt informasjonsskriv om korleis dei første dagane ved NTNU ser ut.

Har vi meir i vente?

- Lukkeleg, om ikkje fleire feil
- Dersom det ikkje skjer meir enn dette, trur eg vi alle skal prise oss lukkelege.

Den som seier det, er dekanus Petter Aaslestad ved HF-fakultetet. Han erkjenner at dei to feila som vart gjort ved hans fakultet, er tabbar som burde og skulle vore unngått, men legg så til:

- Desse to sakene er relativt uskuldige, det kunne ha gått langt verre. Ingen må bli overraska om det skjer fleire liknande feil ved NTNU i tida som kjem.

Reform i rekordfart
- Kva meiner du med det?
- Eg tenker på det faktum at vi, som følgje av iverksetjinga av Kvalitetsreforma, har lagt om studia i rekordfart. I dette arbeidet har vi ved fakulteta vore mykje overlate til oss sjølve - styret ved NTNU har hatt sitt primære fokus på styring og leiing dei siste to åra, og den faglege verksemda har dermed fått for lite merksemd. Dette har gjort arbeidet med reforma tyngre for oss, seier dekanen.

- For dårleg trykk
Han viser til at universiteta i Bergen og Oslo etter hans vurdering har hatt eit større trykk på gjennomføringa av Kvalitetsreforma.

- At NTNU-styret ikkje har lagt det same trykket bak gjennomføringa, kan nok skuldast at reforma i første rekke gjeld dei såkalla Dragvoll-faga, seier Aaslestad.

Bortforklaring?
- Er dette eit forsøk på å bortforklare tabbar som er gjort ved fakultetet ditt?
- Eg har erkjent at dette er tabbar vi er ansvarlege for - sjølv om eg må leggje til at det på ingen måte er snakk om store feil som her er gjort. Eg ønskjer å rette merksemda mot dei strukturelle problema vi står framføre: Ein organisasjon som er pressa, gjer fleire feil.

Mange vil bli Master
Aaslestad nemner spesielt tilstrøyminga til masterstudia.

- Vi veit ikkje korleis studentane kjem til å reagere på det nye gradssystemet. Det kan vere at fleire vél å ta denne graden enn det gamle hovudfaget. Spørsmålet er i kva grad studieadministrasjonen på ulike nivå evner å respondere på dette.

Av Tore Oksholen