MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Muhammed Ali og karriereutvikling (5.8.03, 17:20)

Boksarlegenda Muhammed Ali sett inn i ein sørstats-samanheng. Legendariske Richard N. Bolles om karriereutvikling. Dette er nokre av smakebitane når forskarar set Amerika på dagsordenen.

Har den 11. september skapt eit ”nytt” USA?

Mange meiner at det er viktigare enn nokon gang å forstå USA og amerikanarane. For 10-15 år sidan kjempa to supermakter om verdshegemoni. I dag rår hypermakten USA grunnen åleine. Kva er det eigentleg som rører seg i det amerikanske folkedjupet?

Republikanarane tek over
Samstundes sette terroråtaket 11. september i gang politiske og sosiale prosessar i den nordamerikanske staten - prosessar som samfunnsvitarane arbeider intenst med å få grepet om. Korleis har republikanarane greidd å overta dei tradisjonelt demokratiske Sørstatane? Korleis vert USA påverka av omverda, og korleis vert verda påverka av amerikansk kultur, politikk og samfunnsliv?

Karriererådgjeving på høgt plan er det også sett av tid til. Richard Bolles, forfattar av ”What color is your parachute” vil leie ein spørsmål-og-svar sesjon.

Frå Oslo kjem mellom anna direktør Stein Tønnesson ved Institutt for fredsforsking og førsteamanuensis Ole Moen ved Universitetet i Oslo.

Clash of Civilizations
Professor Torbjørn Knutsen og førsteamanuensis Jennifer Bailey er mellom dei som deltek frå NTNU. Bailey ser på tilhøvet mellom USA og Europa. Ho spør om vi har fått eit nytt ”Clash of Civilizations, (viser til tittelen på Samuel P Huntingtons vidgjetne essay) - nå mellom to demokratiske sivilisasjonar, på kvar si side av Atlanteren.

Det er American Studies Association of Norway som arrangerer biennalen saman med Institutt for moderne framandspråk, NTNU. Seminaret startar onsdag ettermiddag og går fram til laurdag.

Av Tore Oksholen

Programmet finn du her