Erke-amerikanaren
(7.8.03, 15:31) - Muhammed Ali representerte det kvintessensielle ved det å vere amerikanar. På same tid såg mange på han som ein svart Fidel Castro, fortel Stuart Kidd frå University of Reading. American Studies Association of Norway og Institutt for moderne framandspråk er i desse dagar vertskap for biennalen America in the world. Som tittelen tyder på, er målet mellom anna å forstå amerikanarane betre.
|
- Muhammed Ali var ein typisk "southerner", fortalde Stuart Kidd.
Foto: Tore Oksholen |
Ein nøkkel til forståing er, meiner forskaren Stuart Kidd, den legendariske svarte boksaren Muhammed Ali. Ali vaks opp i Luisville, Kentucky, og er såleis oppfatta som ein klassisk ”southerner.” Kidd innleia om Ali i plenum torsdag morgon.
Rømde Bygde-USA
Dei fleste afro-amerikanarane budde opphavleg på bygda i sørstatane. Det var hit dei vart ført for å bli slavar på bomulls- og tobakksplantasjar. Utover i førre hundreåret emigrerte svært mange av dei frå landsbygda til byane, og frå sør til nord i USA. Kidd kallar dette ”The Black Diaspora.”
Muhammed Ali, eller Cassius Clay som han heitte før han konverterte til islam og tok nytt namn, er for mange den største amerikanske boksaren nokosinne. Ali braut med ”Onkel Tom-tradisjonen” frå svarte boksarar før han, som til dømes Floyd Patterson, og tok kontroll over sin eigen lagnad.
Han var svært sjølvmedviten, og fekk tilnamnet ”The Mouth” av både motstandarar og tilhengarar. Den rappkjefta tradisjonen blant svarte komikarar og musikarar, var Ali ein av grunnleggarane av.
Tok pengane sjølv
Ali var også tidleg ute med å forsyne seg av profitten boksinga hans genererte. Medan mange før han enda sine liv som fattiglus, vart Ali rik på karrieren. Men han vart etter kvart svært medviten om kven han var og kor han kom frå, fortel Kidd.
- Ali vart sponsa av rikingar frå Luisville. Men han sa ein gong at dei såg på han som rasehesten deira. Det vart som om kvite pengefolk, ”People with connections and complexions” som han formulerte det, finansierte sine boksarar, og heldt veddemål om at ”min slave bankar din slave.”
Det ukjende USA
”I am an American,” sa Ali meir enn ein gong, med det kvite middelklasse-USA som adressat. - Men eg representerer ein del av Amerika du ikkje kjenner. Du får berre bli vant til det, konkluderte boksaren.
Ali konverterte til islam medan han sto på høgda av karrieren. Han nekta dessutan å kjempe i Vietnam. Dette førte til at hatet mot han voks på heimebane, og han vart fråteken verdsmeistertittelen i 1967. Ali fekk lisensen attende fire år seinare, og vart verdsmeister for andre gong i 1974.
Tørre fakta fortel at Ali boksa 61 profesjonelle kampar. Han vann 56 av dei, 37 på knock-out.
Sponsa av Cola
Muhammed Ali slo seg opp og fram, og oppfylde slik den amerikanske draumen. Rett nok førte hans politiske og religiøse dissens til at han fekk tilnamnet ”den svarte Fidel.” Likevel er The Coca Cola Company ein av den nå parkinsonramma Alis viktigaste supportarar i dag. Korkje Cola eller Ali ser det som noko problem. Ali:
”I am an American - get used to it.”
Av Tore Oksholen |