MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Roleg før stormen (8.8.03, 13:24)

Rett før studentinnrykk: På Dragvoll er det stille i gangane. Så lenge det varer. Men telefonane ringer i eininga.

Kvalitetsreforma har gitt store endringar i studieløpa ved SVT- og HF-fakulteta. Nye studentar vél ikkje lenger eitt og eitt grunnfag, men treårige studieprogram. Inndelinga i Bachelor/Master er ei anna enn mellomfag/hovudfag –kva for konsekvensar får dette?

Frode Fagerbakk går berre under namnet ”Superoraklet”.
Studiekonsulentane på Dragvoll ventar, om ikkje i angst, så i alle høve i beven.

HF
Men enno, på tampen av veke 32, er det stille i gangane bort til fakultetskontora. Såleis vandrar vi bortetter ein delvis mørklagt korridor i bygg 2, nivå 5, på leit etter fakultetskontoret. I enden av korridoren finn vi ei dør kor det står ”Ekspedisjon”. Men ho som sit her, er på ferie denne veka – samlar venteleg krefter til innrykket neste veke.

- Neste veke vil nok konsulentane syte for at ferske studentar på leit ikkje må gå så langt, fortel seksjonssjef Ola Furre. - Då står dørene opne, og sakshandsamarane er ikkje seine om å kome til hjelp, om dei observerer rådville studentar der ute.

Bak døra til neste korridor finn vi ”Superorakel” (det er det kollegane kallar han) Frode Fagerbakk. Oppgåva hans er å lære opp nye studieassistentar, som dannar førstelinetenesta ute på datasalar og andre stader kor studentane er. – Vi er godt budd, seier han.

Men Furre medgir at dei sit med ikkje så få sommarfuglar i magen.

Studentar som søker assistanse ved SVT-fakultetets administrasjon, møter først Anita Røddesnes, anten dei ringer eller kjem personleg.
SVT
Vi snur og går over brua til Bygg 1, kor SVT-fakultetets administrasjon held til. Vi rekk ikkje så mykje som å kaste eit kort blikk i retning døra som er merka ”Opptakskontor”, før nokon praiar oss og spør om det er noko vi lurer på. Sakshandsamar Erik Sørlie er den reddande engel. Han stadfester at ein også der bur seg på storinnrykk. Enno er det mest over telefonen det skjer. Men den ringer til gjengjeld heile tida.

Nede på nivå 4 sit Anita Røddesnes klar ved SVT-ekspedisjonen. Jobben hennar vert å lose rådville studentar vidare til konsulentar som sit klar.

Vi spør henne om korleis dei har budd seg på innrykket, men kjem ikkje stort lenger før telefonen hennar ringer. Inne i korridoren sit to konsulentar med dørene opne. Også her kimar det i telefonar.

Men i neste veke vert det meir. Mykje meir.

Tekst og foto: Tore Oksholen