MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Kristeleg universitet i Noreg? (8.8.03, 13:40)

Kristeleg statsvitskap neste: Levende Ord Bibelsenter i Bergen arbeider for eit eige kristeleg universitet. Søknad er i kjømda.

Se ikkje bort frå at det vert meir hallelujastemning på Levende Ords statsvitarstudium enn det er på NTNU sitt.
Foto: Levende ord
Levende Ord Bibelsenter i Bergen planlegg ein kristeleg høgskule. På lengre sikt er målet eit kristeleg universitet, skriv avisa Klassekampen.

Det er informasjonsansvarleg Bjørn Olav Hammerstad som fortel dette til avisa. Levende Ord voks ut frå pinserørsla, og har i dag om lag 3000 medlemmer. Den frittståande kyrkjelyden driv i dag ein eigen grunnskule, vidaregåande skule og ein eigen TV-stasjon.


Hammerstad fortel at dei har eit tjuetals personar som arbeider med kursplanar, samstundes som nokre utdannar seg for å få undervisningskompetansen som trengst. Søknad vil bli sendt om ikkje så lenge, og dei tek sikte på å kunne starte undervisning om 3-4 år.

Ekspedisjonssjef Jan Levi i Utdannigns-og forskingsdepartementet seier til Klassekampen at det vil ta opp mot eitt år å vurdere ein slik søknad.

- Sjølv om søknaden vert godkjent, er det ingen automatikk i at ein slik høgskule vil få statsstøtte, seier Levi.

Kristeleg statsvitskap
Levende Ord tek sikte på å utdanne journalistar, så vel som lærarar til bruk i eigne og andre skular. Men dei tygg også på å tilby undervisning i kristeleg statsvitskap.

- Vi trur at all statsvitskap utgår frå Gud, på den måte at all autoritet kjem frå Gud. Derfor vil vi også byggje forståinga av staten kring kunnskap frå Bibelen. Det er å undrast over at Bibelen ikkje vert lest meir av statsvitarar i dag, seier Hammerstad.

Hammerstad minner om at dette ikkje må forstås slik at at einkvar ond diktator er innsett av Gud, men at all makt kjem frå den allmektige.