KOMMUNEVALET: 759 stemte på campus
(28.8.03, 09:56) Student Øyvind Berle stemte Arbeidarpartiet, men la til nokre slengarar frå Høgre og Raud Valallianse. Det var val ved NTNU – for dei som fann stemmelokalet.  |
Stemte AP med litt H og RV: Student Øyvind Berle. |
Øyvind Berle er andreårsstudent ved teknisk kybernetikk. Kommunestemma hans gjekk altså til Arbeidarpartiet. Men sidan det er lokalval, nytta han høvet til å leggje til nokre kandidatar frå andre parti frå høgre og venstre kant.
 |
Gløshaugen: Eit A4-ark fortalde kor vallokalet var. |
Hadde kontroll
Universitetsavisa vitja stemmelokalene både på Gløshaugen og på Dragvoll i løpet av onsdagen. Vi kunne observere eit jamt tilsig av studentar og tilsette på veg til å stemme. Funksjonærane såg ut som om dei hadde kontroll på tilstrøyminga.
 |
Dragvoll: Val på Gata. |
Stemmelokalet på Dragvoll låg midt på stripa, og var såleis vanskeleg å oversjå. På Gløshaugen var stemmelokalet - ned i kjellaren frå hovudinngangen i Realfagbygget - ikkje spesielt lett å finne. Eit A4-ark øvst i trappa var alt som viste veg. Arrangørane har basert seg på førehandsinformasjon gjennom studentaviser og nettmedia.
 |
Det var kø framfor travle funksjonærer i begge vallokala. |
Ved dagens slutt var det klart at 759 hadde nytta høvet til å stemme - 450 på Gløshaugen og 309 på Dragvoll. Litt over hundre stemmer gjekk til valet i Trondheim, medan om resten gjekk til andre kommuner.
Tekst og foto: Tore Oksholen |