MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Gjedrem opnar for nytt rentekutt (2.9.03, 18:07)

- Det er framleis meir sannsynleg at inflasjonen vert lågare enn 2,5 prosent enn at den vert høgare, sa sentralbanksjef Svein Gjedrem under eit foredrag på Dragvoll tysdag. Norges Bank har 2,5 prosent som måltal. Dermed aukar sjansen for nytt rentekutt seinare i haust.

Gjedrem siktar mot 2,5.
Med ein forventa inflasjon på 2-2,5 prosent ut neste år, ligg ein under måltalet som er på 2,5. Nasjonalbanken er pålagt å arbeide for å styre inflasjonen mot dette måltalet. Når inflasjonen ligg under talet, vil ytterligare rentekutt stimulere det private forbruket, og dermed drive prisane opp.

Sentralbanksjefen kommenterte forventningane om ytterlegare rentenedgang slik:

- Marknaden forventar ytterlegare nedgang ut over hausten, og så ein stegvis stigning neste år. Men dette er marknadens forventningar, poengterte han til ålmenn latter frå salen.

Det store Auditorium 15 var fullstappa då Gjedrem talte ein time over emnet "Pengepolitikken og den økonomiske situasjonen" på Dragvoll. Stamfunnsøkonomisk institutt sto som arrangør.

Todelt økonomi
Vi har på mange måtar ein todelt økonomi, sa han. Medan norsk industri og kommuneøkonomi slit tungt, går private hushaldningar så det grin. At inflasjonen vart så låg i sommar, skuldast mellom anna at vi fekk eit svært moderat lønsoppgjer i år.

Dersom ein skal få inflasjonen noko opp, kan altså nytt rentekutt verte aktuelt. Gjedrem nytta høvet til å minne om at låg rente har fleire positive verknader. Kommunar som slit med tunge lån, nyt godt av lågare rente på låna.

Kan gå under to prosent
Det er Styret i Norges Sentralbank som saman vedtek endringar i utlånsrenta. Siste regulering var 13. august, men finansanalytikarar sa då at ein ikkje ser bort i frå at renta kan ende opp under to prosent. Neste rentemøte vert i midten av september.

Gjedrem nytta høvet til å ta ein gjennomgang av sentrale sider ved norsk økonomi. Mellom anna gjekk han gjennom bakgrunnen for den sterke kronekursen i kring årsskiftet. Årsaka låg i den då komande Irakkrigen, og utanlandsk kapital, som, på flukt frå kapitalmarknader "parkerte" i norsk valuta. Norsk økonomi var rekna for å vere lite påverkeleg for konjunktursvingingar som følgje av krigen.

- Vi har ein todelt økonomi, sa Gjedrem.
Fast kronekurs?
Sentralbanksjefen fekk spørsmål frå salen om moglegheitene for fast kronekurs. Han har inga tru på at det er mogleg om Norge handlar på eige hand: Om styresmaktene vedtek fastkurs, vil det tirre valutaspekulantane, som vil teste ut nasjonalbankens evne til å halde kursen. Den kampen vil banken tape, sa Gjedrem.

Dermed står ein moglegheit att: Valutaunion med EU. Men ein slik fastkurs vil bli svært fast, åtvara sentralbanksjef Svein Gjedrem.

Nettverk
Samfunnsøkonomisk institutt er med i Norges Banks regionale nettverk. Gjedrem gav uttrykk for at nettverket spelar ei viktig rolle i innsamling av den informasjonen banken nyttar til å fatte sine avgjersler. Prosjektleiar for det regionale nettverket i denne regionen er førsteamanuensis Torberg Falch.

Tekst og foto: Tore Oksholen