MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

PFI overlever, delvis (3.9.03, 12:09)

Papirindustriens forskingsinstitutt (PFI) på Gløshaugen overlever, men kan hende får ikkje alle dei tilsette behalde jobbane sine.

Dette er kjernen i bodskapen direktør Jan M. Øverli formidlar til dei tilsette i eit allmøte som starta klokka tolv i dag (onsdag).

Tidlegare i år fekk dei tilsette ved PFI vite at dei fire store medlemsverksemdene ikkje vil forlenge den såkalla inntektsgarantien som dei gav i 2001. I praksis betyr det at halvparten av inntekta til instituttet fell bort, og at framtida for dei tilsette dermed vart svært utrygg.

Blir orientert
Denne uvissa nærmar seg nå slutten. I eit allmøte onsdag etter lunsj får dei tilsette orientering av sjefen. Men han kan enno ikkje fortelje om alle får behalde stillingane sine, eller kor mange og kven som i tilfelle får beskjed om at det ikkje er plass for dei.

Jan M. Øverli.
Øverli vil ikkje seie noko meir konkret om dette nå, bortsett frå dette:
- Vi skal vera heldig om alle får behalde jobbane.

Det er fem år sidan PFI vart flytta til Trondheim. Med seg fekk instituttet ein inntektsgaranti som sikra instituttet oppdrag frå papirindustrien for 27 millionar kroner i året. Budsjettet var i fjor på 34 millionar. Men på eit styremøte i mars informerte altså styreleiar Georg Carlberg om at dei fire store ikkje ville vidareføre denne garantien. Dermed vart dei 38 tilsette (32 fast tilsette og seks studentar) kasta ut i eit usikkert jobbtilvere.

Garantien halvert
Inntektsgarantien vil bli forlenga med fire år. Samstundes vert den meir enn halvert, frå 27 til 10-11 millionar kroner, fortel Øverli.

Det er dei store kundane som sannsynlegvis vil halvere innsatsen i PFI. Ut i frå situasjonen som oppsto, er direktøren monaleg nøgd med kva dei har fått.

- Eg føler at vi har oppnådd svært mykje. Situasjonen var svært dramatisk tidlegare i år. Det var ein tid at eg trudde vi kom til å bli lagt ned, seier Øverli.

- Trasig
- Dette tyder at du kan bli nøydd til å kalle medarbeidarar inn på kontoret ditt og fortelje at det ikkje er bruk for dei - kva synest du om det?
- Det synest eg er trasig.

- Kva vil du seie til dei under allmøtet på onsdag?
- Eg vil fortelje dei at her gjeld det å jobbe hardt. Vi kan påverke situasjonen gjennom eiga innsats.

- Korleis trur du dei tilsette vil reagere?
- Dei vil venteleg vere skuffa, men eg trur dei vil ta det med fatning. Det er industrien som er inne i ei vanskeleg tid. Marknaden har vorten tøffare, og det er vi nøydd til å takle.

Tekst og foto: Tore Oksholen