Skal utvikle elektronisk journal
(3.9.03, 12:55) I skarp konkurranse med andre universitet fekk NTNU jobben med å utvikle elektronisk pasientjournal (EPJ) for Norge. Det unike samarbeidet mellom teknologar og medisinarar gjorde utslaget. |
Bjørn Engum er leiar for programstyret. |
Programstyret for Forskingsrådets program "IKT i medisin og helseteneste" har bestemt å etablere eit forskings- og utviklingssenter for elektronisk pasientjournal ved NTNU.
Det vart endeleg avgjort på eit møte tysdag ettermiddag. Dermed blir det etablert eit eige FoU-senter for elektronisk pasientjournal ved universitetet.
NTNU får fem millionar kroner årlig til satsinga i inntil fem år, med ei evaluering etter tre år. Hovudutfordringa for det nye senteret blir å etablere seg som eit tillitvekkande kunnskapsmiljø som skal føre til betre og meir effektiv helseteneste i samarbeid med de fem regionale helseføretaka og relevante fag- og forskingsmiljø.
Prestisjefylt
Satsinga for EPJ får mykje å seie for utviklinga av norsk helsevesen. Det er derfor eit prestisjefylt oppdrag NTNU nå har fått.
Programstyret meiner at elektronisk pasientjournal er den største utfordringa som helsevesenet står overfor i samband med utvikling og bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i helsevesenet, seier leiaren for programstyret, Bjørn Engum.
Mykje å tene
- Bare i Region Sør, der eg har mitt arbeid, reknar ein med å spare inn om lag 180 årsverk som følge av innføring av EPJ.
Det er så mykje å tene på å ta dette i bruk, at investeringane er tent inn før to år er gått, seier han. Frå før har sjukehuset i Arendal prøvd ut EPJ sidan hausten 2001
- Unikt samarbeid
Då Forskingsrådet gav dei norske universiteta utfordringa med å leggje inn forslag om prosjektering, tok tre i mot utfordringa. Det var Universitetet i Tromsø og NTNU som hang med fram til siste finalerunde.
- Kvifor fekk NTNU oppdraget?
- Det tette og unike samarbeidet mellom teknologiske og medisinske miljø er ei viktig forklaring, seier Engum. Han gjev også heider til professor Anders Grimsmo ved Institutt for samfunnsmedisin, som har vore den programstyret har tala med. Grimsmo har framstilt prosjektet på ein særs god måte, seier Engum.
Tryggleik
Den største faglege utfordringa i det vidare arbeidet blir korleis EPJ skal kunne arbeide for å gje diagnostisk støtte, seier Engum.
- Kva med tryggleiken når det gjeld elektronisk innbrot og hærverk?
- Det er heilt klart utruleg viktig. Det er tale om sårbare system, som må sikrast på ein tilfredsstillande måte.
Mål
Forskingsprogrammet "IKT i medisin og helseteneste" har som mål å skaffe fram kunnskap om korleis medisinsk kompetanse og teknologiske potensiale kan gje grunnlag for betre pasienthandsaming, forsking og fag- og organisasjonsutvikling.
Av Tore Oksholen Meir om IKT i helsevesenet
|