Sex og insektliv på torget
(7.9.03, 20:24) Kvifor har vi sex? Og kva kan ein lære av spørsmålet? Førsteamanuensis Alex Strømme forklarer. Deltakarar på haustens Forskingstorg i Trondheim lyttar. Og så kom Unni. |
Alex Strømme fortel om årsaker til sex. |
Med eit godt vaksent pinnedyr vandra Strømme ikring mellom forskarane medan han gav nyttige tips for korleis forskarar skal bere seg åt for å påkalle merksemda frå dei unge. Strømme fortalte om suksessen ein hadde under fjorårets arrangement med å spørje om kvifor vi eigentleg har sex. Sex fengar. Det gjer også store, rare insekt, som til dømes pinnedyret.
Asteroidar og dinosaurar
Unni Eikeseth er programleiar i NRKs forskingsmagasin for barn, Newton. Ho var invitert til å innleie til lokalt avspark for Forskingsdagane 2003. Den 26. september vert barn og unge invitert til Forskingstorget på torget i Trondheim. Deltakande forskarar var møtt fram i rikt monn.
Eikeseth fortalte at dei har undersøkt kva for tema dei unge gjerne vil høyre meir om: Livet på andre planetar er ein vinnar. Derfor sender Newton gjerne innslag om asteroidar og liknande. Innslag om datamaskiner og kva ein kan gjere med dei, om dinosaurar og om korleis fuglar og dyr kommuniserer, skårar også høgt.
Eikeseth presenterte også tittelen på det innslaget som sug desidert mest: Reportasjen om "korleis forbetre avlingar og innhausting i hagen og på garden" er verre enn tran.
|
Unni Eikeseth vitja avspark-seminaret for Forskingsdagane. Her er ho flankert av Sigmund Grimstad og Anne Berit Heieraas frå Informasjonsavdelinga, som organiserar arrangementet. |
Underhalde, underhalde, underhalde
Programleiaren frå NRK poengterte kor viktig det er å underhalde.
- Vi føler ikkje at vi har moralsk ansvar for å få sjåarane interessert i ting. Å underhalde er eit aktverdig mål i seg sjølv.
Det er viktig å ta barn og unge på alvor når ein kommuniserer med dei, sa ho. Heller enn å gni bodskapen inn, må ein vise at ein tek dei på alvor.
- Dei unge "snobbar" gjerne oppover. Ein må ikkje snakke barnsleg til dei, understreka Unni Eikeseth.
Studentbuss
Nytt av året under Forskningsdagane i Sør-Trøndelag vert den såkalla "Studentbussen": Åtte vidaregåande skular får besøk av NTNU-studentar, som skal ha forsøk som involverer elevene på ulikt vis. Emna varierer frå gråstein til high-tech. fortel prosjektleiar Sigmund Grimstad i NTNUs Informasjonsavdeling.
Dei nasjonale Forskingsdagane går frå fredag 19. september til søndag 28. september. Høgdepunktet i Trondheim vert forskingstorget den 25. Ein har også innleia samarbeid med "byen bygdene og kunnskapen" kor ein skal skipe til ti arrangement rundt om i fylket. Ein må heller ikkje gløyme NTNUs formidlingskonferanse den 19. september, seier Grimstad.
Sex etter behov
Lurer du framleis på kvifor det er lurt å ha sex? Det er for å gjere oss betre rusta til å meistre tilværet. Når miljøet ein lever i, er svært stabilt, kan ein strengt tatt greie seg med ukjønna formeiring. Men biologien viser at straks tilværet vert omskifteleg og farleg, kjem seksualiteten inn, som ein måte å gje auka fleksibilitet.
Tekst og foto: Tore Oksholen Detaljane om årets Forskingsdagar i Sør-Trøndelag kan du lese her.
|