Handbok for dei som skal skilje seg
(15.9.03, 10:07) - Dette er den første boka eg ikkje har skrive for kollegaer, sa Kari Moxnes då ho presenterte boka si om ”Skånsomme skilsmisser - med barna i fokus.” Og lurer du på kva som er den optimale alder for ungane for skilsmisse? Professor Kari Moxnes har forska på skilsmisser i snart ei full kvinnealder. Ho har nytta det siste året til å feste på papiret ein tekst som er retta særskilt mot ”studieobjekta” – kvinner og menn som står midt oppe i eit samlivsbrot. Korleis bere seg åt for at ungane greier seg best mogleg gjennom oppløysinga av ekteskapet?
Om dette og hint sa ho nokre velvalde ord då ho presenterte boka fredag ettermiddag.
|
- Det finst mykje skremselspropaganda når det gjeld barns lagnad etter ei skilsmisse. Men om foreldra greier å samarbeide før, under og etter samlivsbrotet, treng ikkje skilsmissa i seg sjølv vere skadeleg, seier Kari Moxnes. |
- Tek foreldra på skuldrene
Når eit forhold bryt saman, kjem ein fort opp i ein situasjon kor felles ungar vert einaste bindeledd - den kanalen alle konfliktar går gjennom.
- Barnet ber mor på eine skuldra og far på den andre.
Slik beskriv professor Moxnes situasjonen for barn av foreldre som ikkje greier å kommunisere som dei bør i ein slik situasjon. Svært mange foreldre ender opp med å late ungar heilt ned i 5-6-årsalderen avgjere kvar dei skal bu etter skilsmissa, sa ho.
- Vert moralsk
- Det er her eg vel å gjere noko vitskapskvinna i meg ikkje ville gjort: Eg fortel foreldra kva dei bør gjere. Så her vert eg lite grann moralsk, sa Moxnes, og fortsette slik:
- Barn treng sjølvsagt begge foreldra, men dei treng ikkje begge to like mykje til alle tider.
Det finst mange ulike måter ein kan innrette foreldreskapet på etter ei skilsmisse. Det sentrale er at ein vert samd om korleis ein skal gjere det, poengterte ho.
- Forutset felles økonomi
Men Moxnes peiker likevel på nokre sentrale punkt:
Det er ein stor føremon om mor og far kan ha sams økonomi ei tid etter skilsmissa. Då har ein del sentrale ting ein tendens til å løyse seg.
Søskenflokkar bør ikkje bli delt opp. Søsken representerer tryggleik i den vonde tida.
Ein bør bli buande i same bustadmiljø. Barn som vert flytta på, opplever oftare problem enn dei som blir i heimen.
Og om nokon skulle vere i tvil: Store konflikter mellom foreldra er noko av det verste eit barn kan bli utsett for.
FAKTA | Skilsmisser i tal
Om lag 10.000 ekteskap går i oppløysing årleg i Noreg. I tillegg kjem 12-13.000 separasjonar.
Årleg vert meir enn 10.000 barn skilsmisseungar.
To av tre barn opplever at økonomien vert dårlegare etter at foreldra skil lag.
Barn i alderen 9-12 år klarer seg ofte best gjennom ei skilsmisse. | Den nye partnaren
Korleis turnere den nye partnaren? Viktig er det at stemora eller stefaren ikkje prøver å bli ei ny mor eller ein ny far. Ungane misliker om den nye partnaren prøver å komme i ein posisjon som ikkje er ”deira.”
Elles kan det sjå ut som om barn som har steforeldre i eigen heim, oftare opplever det som positivt, samanlikna med tilhøvet til partnaren av den forelderen barnet har samvær med.
3. versjon
Professor Moxnes uttrykte elles stor glede over at boka nå endeleg er eit faktum.
- Dette er den tredje versjonen. Den første var forferdeleg akademisk. Det skal ikkje vere lett.
Optimal alder
Finst det så nokon alder på barna, når det er "best" for foreldra å skilje seg?
Spørsmålet vert om lag som å spørje om når det passar å bli alvorleg sjuk. Men det finst ein alder som er mindre skadeleg enn andre, seier professoren:
- Latensalderen, den frå ni til tolv år, er den alderen kor ungane ser ut til å takle det best. Dei vert ofte triste og/eller sinte, men dei forstår meir, dersom foreldra gjev ei god forklaring, seier professor Kari Moxnes.
Tekst og foto: Tore Oksholen |