Skaut med ammoniakk - to måtte til lege
(30.9.03, 15:38) Studentar skaut med vatnpistolar lada med ammoniakk under badekartevlinga i Nidelva laurdag. Andre kasta lakk. Fleire fekk etsande væske på augo, og to måtte til Legevakta. Nå tek arrangørane rev i segla. |
Røyken låg tett over Nidelva mens laga bombarderte kvarandre med ulike typer sabotasjemiddel.
Foto: Tore Hugubakken |
"Vårens våtaste eventyr" vert badekartevlinga i Nidelva kalla. I dei seinare åra har kriginga farkostane i mellom fått stadig større merksemd. Laga skyt og kastar diverse fluidum på kvarandre - råte mjølk, egg, pulver av ulikt slag, sjølvmiksa, særs illeluktande væsker: Alt skal vere ufarleg, og alt er fryd og gaman.
Pulverapparat forbode
Alle "terrorvåpen" skal førevisast og godkjennast av "Badcom" - komiteen som administrerar det heile. Det einaste våpenet som på førehand vart ramma av studentanes eigen "Geneèvekonvensjon," var pulverapparat til brannslokking... Elles går det meste an, og ein har stort sett halde seg på matta.
Men i år gjekk eit lag frå studieprogrammet for ingeniørvitenskap og kommunikasjonsteknologi over streken.
Måtte hoppe i elva
Væpna med vatnpistolar med vatn og ammoniakk i like delar, skaut laget på konkurrerande farkostar. Fleire fekk etsande væske i augo. Ein av dei var Anders Nesheim frå Program for produktutvikling og produksjonsdesign.
|
Anders Nesheim fekk ammoniakk i augo. |
- Nokon retta vatnpistolen mot hovudet mitt. Det neste eg hugsa var at det svei noko alldeles for jævlig, og eg måtte hoppe i elva for å dulme smerten, fortel han.
Førsteårsstudenten tok seg så til land for å kvile ut, men måtte ikkje søke legehjelp. Det var det to andre studentar som måtte, fortel Badcoms admiral og organisatoriske leiar, Ann Kristin Hasvold.
- Men begge studentane kunne ta del i festen same kveld og ingen fekk varige mén, seier Hasvold.
Kontroll?
- Men tyder ikkje dette at de har hatt for dårlig kontroll på arrangementet?
- Det er ikkje lett å skulle kontrollere alt som går føre seg. Ein må kunne vente at folk sjølve forstår kva som ein ikkje kan tillate seg.
- Vil dette få følgjer for dei som gjorde dette?
- Vi har snakka med dei involverte, og dei forstår at dei gjekk over streken, seier Hasvold.
|
"Admiral" Ann Kristin Hasvold: - Somme gjekk over streken.
|
Svart lakk
Ein annan student som fekk seg ein ubehageleg oppleving, var Rune Waage, frå same institutt som Nesheim.
- Eg vart forsøkt spraya med svart lakk, men greidde å forhindre at det kom i andletet, seier han.
Skjerpar inn
Hasvold er lei seg for kva som skjedde, men vonar at det ikkje øydelegg inntrykket av eit arrangement som ho elles karakteriserer som særs vellukka.
- Folk storkoste seg, og det var eit kjempesosialt arrangement.
- Kjem arrangørane til å skjerpe inn rammevilkåra neste år?
- Vi vil nok stramme inn på reglane for kva ein vil få lov til av kriging. For mykje av fokuset dei siste åra har vore på terror, og mindre på sjølve konkurransen. Kan hende bør vi avgrense oss til å velte kvarandres badekar.
Tekst og foto: Tore Oksholen Her kan du lese meir om sjøslaget ved Elgeseter bru.
|