MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Med augo mot Baltikum (9.10.03, 16:24)

- Dei baltiske landa er på veg opp og fram. Det gjeld ikkje minst Akademia. Nå er tida for å knytte kontaktar, seier fungerande dekan Are Risto Øyasæter ved Arkitektur og biletkunst.

I mai i år arrangerte Kjersti Lie ved Bibliotek for arkitektur/bygg/design to utstillingar ved Lithuanian Technical Library i Vilnius i Litauen. I samband med dette donerte Universitetsbiblioteket i Trondheim bøker om norsk og nordisk arkitektur til det litauiske biblioteket, som vert nytta av dei to arkitektskulane i byen. Bøkene var velt ut av Lie, og besto av nye bøker med ein samla verdi av 10.000 kroner, pluss brukte bøker for ein vesentleg sum.

Are Øyasæter og Kjersti Lie (t.h.) fra Arkitektur og biletkunst flankerer her ein litauisk kollega.
Arkitekt med på laget
Lie fortel at tiltaket kom i stand i kjølvatnet av eit besøk som Nijole Popoviene frå Lithuanian Technical Library gjorde ved Universitetsbiblioteket i september 2001. Popoviene var her i tre veker med eit NORDINFO-stipend.

- Den gongen tok Nijole opp moglegheitene for å organisere ei utstilling av bøker om skandinavisk arkitektur ved sitt bibliotek, fortel Lie.

Det skulle ta to år før det vart høve til å realisere planane. I mellomtida hadde Lie fått ein svært entusiastisk arkitektdekan Øyasæter med på laget.

- Kollegar ved arkitektskolen og biblioteket i Vilnius var svært interessert i meir kontakt med Skandinavia. Både utstillingar og førelesing vart svært godt mottatt. Vi hadde interesserte tilskodarar og tilhøyrarar til begge deler, og arrangementet vart via merksemd i både i radio og presse, seier Lie.

Nodar i nettverk
- Eg opplever det som naturleg at initiativet kom frå bibliotekhald. Dette er i tråd med bibliotekarane si haldning: Vår måte å arbeide på er å verke i nettverk. Eit bibliotek kan ikkje ha alle bøker åleine, vi er avhengig av alle andre nodar i nettverket, seier Lie.

Etablering av nye kontaktar er ein viktig effekt av besøket. Lie vonar at det ikkje vert med dette eine stuntet.

Arkitektane ved NTNU ønsker å samarbeide med lærestader i alle dei baltiske landa.
Nye kontaktar etablert
Prodekan Are Øyasæter fra Fakultet for arkitektur og billetkunst deltok også med ein open førelesning om norsk arkitektur. Øyasæter oppretta også kontaktar med leiing og lærarar ved den sentrale arkitektskolen i Vilnius og har underteikna avtale om utveksling av både studentar og lærarar. Planane er allereie klare for Workshop med meir.

At dette vart ein "joint venture" skuldast ein tilfeldig kommentar frå Lie på tampen av eit møte mellom dei to. Det viste seg at Øyasæter har gått i tankar om noko liknande.

Øyasæter har budd i Finland i fleire år, og er sjølv oppteken av kor viktig det er å sjå potensialet i samarbeid mot Østersjø-regionen.

- Dei baltiske landa utgjer eit område som er inne i ei rivande utvikling. Det skjer mykje spanande her, og det er gode grunnar til å posisjonere seg tidleg, seier han. Ein har planar om liknande framstøyt også i dei andre baltiske statane.

- Arkitektur er ein glimrande måte å presentere eit land og eit folk på. Dette er Noregsreklame så godt som noko.

Av Tore Oksholen