Arabiske kvinner på botn i nettbruk
(12.10.03, 23:17) Araberlanda og web: Berre seks prosent av alle brukarene er kvinner. Det er lågast i verda. - Tilgang på nettet er viktig når det gjeld tilgang på makt, sa Deborah Wheeler under eit seminar om globalisering på Dragvoll fredag. Internet kan vere både ei velsigning og ei forbanning.
- I Midt-Austen kan ein med ein viss rett karakterisere Internet som dei rike kvinnenes teknologi, seier Wheeler. Ho deltok på eit seminar om "teknologi i eit multikulturelt og globalt samfunn." Program for anvend etikk sto som arrangør, saman med Globaliseringsprosjektet ved NTNU.
|
Dr. Deborah Wheeler innleia om internettbruk mellom muslimske kvinner i Midt-Austen. |
Vart sjokkert
Wheeler poengterte at sjølv om det store fleirtal ikkje har tilgang på Internet, er samstundes nettet eit middel til å omforme kvinners liv i dei muslimske landa. Aktiv nettbruk er eit middel i kampen mot muslimske machohaldningar.
Wheeler la fram tal om nettbruk i denne verda, tal som ho sjølv vart sjokkert av, fortalte ho. Muslimske land, og arabiske land særskilt, ligg på botn i verda når det gjeld nettbruk. Såleis finn ein under ein prosent av verdas nettbrukarar i den arabiske verda.
Men internt i araberlanda er det store variasjonar: Sameinte arabiske emiratar ligg godt an, medan Kuwait og Egypt er land som ligg i andre enden av skalaen. (Land som Irak og Sudan kjem særskilt dårleg ut, men her kan krig og fattigdom forklare mykje).
Teller internettkafear
Talet på kor mange internettkafear det er i kvart einskild land, fortel mykje om kor utbreidd nettet er. Her kunne Wheeler legge fram nokre interessante tal. Algerie ligg på topp, med 3.000 nettkafear, med Marokko som ein god nummer to, med 2.150. Også her finn vi Egypt (400) og Kuwait (300) i andre enden av skalaen.
- Det kan sjå ut som om det er haldningane til nasjonale leiarar som slår avgjerande ut for omfanget av nettbruk.
Internettkafear i den delen av verda kan på eit vis spele den rolla 1700-talets "Coffey Houses" fylte for dei opplyste europearane, meinte Wheeler.
FAKTA | GLOBALISERING NYTT SATSINGSOMRÅDE?
Det vert lagt opp ein prosess for å kartlegge fagfeltet "globalisering", med tanke på å etablere dette som eit sjette tematisk satsingsområde for NTNU. Ei gruppe er etablert for å gjere denne jobben. Bruppa er leia av HF-dekan Petter Aaslestad. Konklusjonane frå prosessen vert i sin tur bli lagt fram for NTNUs styre. | Få kvinnelege nettbrukarar
Om arabarlanda ligg på jumboplassen når det gjeld nettbruk, finn vi kvinnene deira i det absolutte botnskiktet når det gjeld webfrekvens. Ikkje meir enn seks prosent av alle brukarane i dei arabiske landa er kvinner.
Til samanlikning utgjer kvinnene 38 prosent av brukarane i Latin-Amerika; 25 prosent av brukarane i EU-området og 50 prosent av brukarane i USA.
Det vart stilt spørsmål om kvifor talet er så lågt for EU. Professor Merete Lie kommenterte at det kunne ha samanheng med ulikskap i bruk mellom nord og sør i EU.
Ærbar på nettet
I samfunn kor kvinner og menn lever separate liv, er nettet ein stad kor - særskilt unge - kvinner og menn kan møtast på tvers av konvensjonane. Ein kan delta i IRC-samtaler, utan å avsløre eigen identitet, heller ikkje kva for kjønn ein tilhøyrer. Dermed kan ein gjere det utan å få øydelagt sitt gode namn og rykte.
Denne fridomen vert det også gjort forsøk på å stogge. Wheeler fortalte om korleis det i visse krinsar i Kuwait vart sagt at "anstendige kvinner ikkje deltek i IRC" og at einskilde slutta med det av den grunn.
Men treng dei internett?
Wheeler diskuterte også i kva grad ein kan seie at Internet representerer noko positivt for fattigare og mindre utvikla deler av verda.
- Ein står i fare for å ta "misjonærhaldninga" - at fordi noko er godt for meg, må det vere viktig for deg. Det treng ikkje vere slik. Men argumentet om rettferd gjer likevel eit godt argument for utbreiing av Internet, meiner Deborah Wheeler.
Tekst og foto: Tore Oksholen |